19. desember, 2011
Det er stilig med svart, men blir vel kanskje lei etterkvart? Elles er vel svart ganske framtredande i eit elles kvitt rom? Eg likar best heilt svart benkeplate, utan mønster i. Men det blir fort skittent, so då trur eg at vi ikkje kan få for det. Eg vurderar dermed kanskje mørk grå eller kvit benkeplate.
Eg syns det var ganske fint med grå benkeplate og kvite benkeskap som på kjøkkenet til bloggaren Sofienberggata 3f. Gulvet er også i ein lys farge, slik eg har tenkt å ha.
Mørk grå benkeplate i laminat

Foto: drommekjokkenet.no
Svart benkeplate i laminat, “med mønster”

Foto: drommekjokkenet.no
19. desember, 2011
Vi skal ha vegghengt toalett på begge bada. Det skal vere lett å reingjere, med minst muleg krikar å vaske.
Valget sto mellom to vegghengte toalett, vi valgte Seven D Image:
Seven D Image frå Porsgrund bad

Foto: frå vb.no
Subway veggskål frå Villeroy and Boch:

Foto: frå vb.no
18. desember, 2011
Det blir svarte eller kvite stolar. Dei må vere gode å site i og ha eit enkelt design.
Tequila Porgy spisestol frå Living, litt dyrare enn det eg vil bruke på stolar, men er sikkert verdt å ta med i vurderinga:) Der er også ei utgåve med svingbar fot, som var rimlegare.

Foto: frå living.no
16. desember, 2011
Det er ikkje lett å bestemme seg for kva kjøkkenvask vi skal gå for. Eg er litt smålei stålvask, men der er no eit par med litt designpreg som er fine. I grunnen kan eg tenke meg ein svart vask, men det er visst eit lite utvalg i svarte vaskar med kran på sjølve vasken. Det passar ikkje med kran på benkeplata i laminat:/
Intra FR60SHR:

Foto: Hentet frå drommekjokkenet.no
Franke Kubus Fragranit KBG 160:

Foto: Henta frå vvskupp.no
Blanco SUBLINE 340/160 U, men denne blir litt for dyr:

Foto: Henta frå vvskupp.no
16. desember, 2011
Vi har valgt ein Eico Cylindra kjøkkenventilator til å henge over platetoppen på kjøkkenøya:) Den blir utan glassplate sidan vi kun skal ha ein 60 cm platetopp.

Foto: Frå Drommekjokkenet.no
Eg trur vi går for ventilator i stål. Det er stilig med kvit ventilator, men eg trur kjøkkenet blir for sterilt med så mykje kvitt.
Resten av kvitevarene blir av merket Siemens. Valget stod mellom Miele eller Siemens. Sidan det er Siemens som vart plukka ut som standard pakke av kjøkkenteiknaren enda vi på dette.
Kjøleskap, frysar, oppvaskmaskin, steikeovn skal vere innebygt i høgskap for få få eit stilreint og praktisk kjøkken.