Kor mykje spagetti?

Eg var ein tur innom Traktøren og der var det monge kjekke kjøkkendippeduttar:) Dessverre fann eg ikkje noko av det vi eigentleg treng.

Det eg fann var altso ein porsjonsmålar for spagetti. Når eg skal måle opp kor mykje spagetti eg/vi treng har eg alltid syns det har vore litt innvikla. Nokre pakkar har hatt eit runding på pakningen slik ein kunne vete kor mykje ein porsjon var. So no har eg fått meg eit spagettimål med mål for 1-4 porsjonar:) Eg kjøpte den som var kvit og grønn.

spagetti-måler
Spagettimål. Foto: traktoren.no

Klikk.no har visst skrive ein artikkel med tips om spagettimål.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *