Webteknologi-kurs

I dag var eg på eit dagskurs innan webteknologi i Oslo. Tema for kurset var HTML5, CSS3, SEO, WordPress og Microsoft.

Eg syns dette kurset var veldig interessant og det var kjekt å få litt oppdatering på det som har med web å gjere.

Det var interessant å høyre om HTML5, at dei satsar på å ein standard der ein kan igrunnen skrive HTML slik ein vil, men det blir oppfordra til å skrive semantisk kode, ryddig og oversikteleg. Det blir kutta litt i nokre av måtane å skrive HTML og CSS  på slik at det blir lettare å huske og mindre å skrive.

Det som vart sagt om WordPress hadde eg kjennskap til frå før, sidan det var berre ein intruksjon til at det går ann å bruke WordPress til heimesider og nettbutikk (ikkje berre som ein blogg).

Det som vart sagt om SEO var lærerikt. Ein del av det som vart sagt hadde eg ikkje kjennskap til.

Microsoft-teknologien var igrunnen interssant å høyre om, men var ikkje so veldig relevant for min del for øyeblikket, men kanskje seinare:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *