Sydd putetrekk :)

Putetrekk

Då har eg sydd mitt første putetrekk. Det tok nokre timar, men slik er det når det må prøvast ut litt for å finne ut korleis ting skal gjerast.

Oppskrift på korleis å sy putetrekk med glidelås fann eg her hos Design Sponge. Veldig god beskrivelse syns eg.

Putetrekket eg laga var til ei pute på 40×40 cm. Eg klipte ut 2 firkanta som målte 42×42 cm. Då hadde eg 1 cm til sømmen på kvar side.

Glidelåsen eg brukte var 35 cm sidan det var det eg hadde kjøpt inn. I følge oppskrifta skulle det brukast ein som var ca. 10 cm kortare enn puta, men eg syns det fungerte heilt bra med ein på 35 cm.

Eg fylgte ikkje oppskrifta heilt sidan eg ikkje sydde ein hjelpesaum i stoffet før gildelåsen vart sydd på og ikkje brukte strykehjern for å få ned kanten. Eg brukte berre nåle og festa med, so litt pirkete arbeid vart det.

Når ein syr fast glidelåsen er lurt å sy ein cm på enden av glidelåsen der den møte putestoffet slik at saumen held seg bedre når glidelåsen blir dratt ned og opp. Sidan det ikkje sto noko om det i oppskrifta gjor eg ikkje det i første omgong, men eg såg på nokre pute heime og der var den sydd på so eg sydde den på til slutt.

Putetrekk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *