Trondheimstur!

Dinne helga tok eg og Vidar oss ein tur til Trondheim. Solveig og nyetypen skulle dit også:) Det var kjekt å få helse på..

Fredag på dagtid var eg på Trondheim torg og shoppa. Det eg skulle finne meg var sko, men det gjor eg ikkje. Derimot fann eg meg ein fin lysebrun/beige kjole og eit svart skjørt.

Fredag kveld for vi til Eva og Joachim på pizza og filmkveld. Eva hadde laga god pizza med litt grov pizzabotn. Tacopizzaen var veldig god, so den skal eg prøve å lage ein gong. Vi jentane enda opp med å site å prate og kose oss med litt cider/vin, medan guttane spelte dart.

Laurdag på dagtid for eg for å leite meir etter nokre sko, men fann ingen dinne dagen heller:/

Laurdag kveld for eg, Solveig, Atilla, Eva og broren, Kristin og Carina ut. Først for vi på eit fors, men der var det ikkje sitteplassar so vi for opp til Kristin.

Fors hos Kristin
Fors hos Kristin:)

Deretter vart det ut på Down Town. Det vart litt kjipt når vi for ut for alle forsvann og styrte med sitt.

Søndag brukte eg og Vidar på å sove ut og køyre heimatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *