Stakar Holly

I natt rundt kl. 01.30 vakna eg av nokre lydar frå Holly. Ho sat på gangen og det virka som ho hadde vondt ein plass, mulegens bak med rompa. Eg prøvde å ta bort i og ho reagerte litt på det. Dermed vart det oppi sofaen og på med lyset for å sjå etter om det var analkjertelen. Det var det. Ho var hard og opphova på eit stort område på høgre sida av analkjertelen. Stakar.

Eg sa ifrå til Vidar at han måtte køyre meg bort til foreldra mine når han skulle stå opp slik eg fekk låne ein bil og køyre til dyrlegen. Etterpå la eg og Holly oss på sovesofaen på kontor/gjesterommet. Holly hadde det ubehageleg, pusta og peste. Halen var litt innunder innimellom, men ho peip ikkje nokon gong. Eg prøvde å roe ho ned slik ho fekk sove fram til vi skulle fare til dyrlegen kl.08. Om ho fekk sove veit eg ikkje, men ho låg vertfall stille i ein til to timar om gongen. Eg vokna lett når ho begynte å bevege seg.

Hos dyrlegen gjekk det greit. Det hadde gått hål på den betente delen so Holly fekk bedøvelse, vart barbert og rensa i såret. Dyrlegen ga ho antibiotikasprøyte og smertestillande. Eg skal gi ho 2 tablettar antibiotika morgen og kveld + 1 smertestillande tablett i 14 dagar. Såret skal også rensast ved å skylle med såpe og dusjhaudet kvar dag i 14 dagar. Deretter blir det etterkontroll.

Rart at Holly ikkje har pepe eller gitt teikn til å ha det ubehageleg dei siste dagane. Før det var ho hos foreldra has Vidar i 14 dagar, so eg veit ikkje korleis ho har oppført seg der. Dyrlegen sa at eit typisk teikn på at analkjertelen ikkje er tømt er at hundar akar seg med rumpa på gulvet. Holly har alltid tømt seg tidlegare og ho akar seg gjerne når ho er rastlaus eller oppgira, dermed er ikkje det eit so lett teikn å skille frå kvarandre hos Holly.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *