26. september, 2010
Dinne helga tok eg og Vidar oss ein tur til Trondheim. Solveig og nyetypen skulle dit også:) Det var kjekt å få helse på..
Fredag på dagtid var eg på Trondheim torg og shoppa. Det eg skulle finne meg var sko, men det gjor eg ikkje. Derimot fann eg meg ein fin lysebrun/beige kjole og eit svart skjørt.
Fredag kveld for vi til Eva og Joachim på pizza og filmkveld. Eva hadde laga god pizza med litt grov pizzabotn. Tacopizzaen var veldig god, so den skal eg prøve å lage ein gong. Vi jentane enda opp med å site å prate og kose oss med litt cider/vin, medan guttane spelte dart.
Laurdag på dagtid for eg for å leite meir etter nokre sko, men fann ingen dinne dagen heller:/
Laurdag kveld for eg, Solveig, Atilla, Eva og broren, Kristin og Carina ut. Først for vi på eit fors, men der var det ikkje sitteplassar so vi for opp til Kristin.

Fors hos Kristin:)
Deretter vart det ut på Down Town. Det vart litt kjipt når vi for ut for alle forsvann og styrte med sitt.
Søndag brukte eg og Vidar på å sove ut og køyre heimatt.
18. september, 2010
Då har eg meldt meg på nettkurs i Adobe Photoshop 2 (avanserte emner) og Adobe Indesign 1
Kursa tilsvara fulltidsstudie i 1 mnd.
Deretter blir det nettstudie i 1 år på linja 3d design og animasjon
Det blir spennande å sjå korleis det går.
6. september, 2010
I natt rundt kl. 01.30 vakna eg av nokre lydar frå Holly. Ho sat på gangen og det virka som ho hadde vondt ein plass, mulegens bak med rompa. Eg prøvde å ta bort i og ho reagerte litt på det. Dermed vart det oppi sofaen og på med lyset for å sjå etter om det var analkjertelen. Det var det. Ho var hard og opphova på eit stort område på høgre sida av analkjertelen. Stakar.
Eg sa ifrå til Vidar at han måtte køyre meg bort til foreldra mine når han skulle stå opp slik eg fekk låne ein bil og køyre til dyrlegen. Etterpå la eg og Holly oss på sovesofaen på kontor/gjesterommet. Holly hadde det ubehageleg, pusta og peste. Halen var litt innunder innimellom, men ho peip ikkje nokon gong. Eg prøvde å roe ho ned slik ho fekk sove fram til vi skulle fare til dyrlegen kl.08. Om ho fekk sove veit eg ikkje, men ho låg vertfall stille i ein til to timar om gongen. Eg vokna lett når ho begynte å bevege seg.
Hos dyrlegen gjekk det greit. Det hadde gått hål på den betente delen so Holly fekk bedøvelse, vart barbert og rensa i såret. Dyrlegen ga ho antibiotikasprøyte og smertestillande. Eg skal gi ho 2 tablettar antibiotika morgen og kveld + 1 smertestillande tablett i 14 dagar. Såret skal også rensast ved å skylle med såpe og dusjhaudet kvar dag i 14 dagar. Deretter blir det etterkontroll.
Rart at Holly ikkje har pepe eller gitt teikn til å ha det ubehageleg dei siste dagane. Før det var ho hos foreldra has Vidar i 14 dagar, so eg veit ikkje korleis ho har oppført seg der. Dyrlegen sa at eit typisk teikn på at analkjertelen ikkje er tømt er at hundar akar seg med rumpa på gulvet. Holly har alltid tømt seg tidlegare og ho akar seg gjerne når ho er rastlaus eller oppgira, dermed er ikkje det eit so lett teikn å skille frå kvarandre hos Holly.
3. september, 2010
Vi er tilbake frå Alanya..
Vi hadde ein veldig fin tur. Det var rundt 38 grader på dagtid og 32-36 på kvelden. Heilt passe for min del
I fem daga bodde vi saman med Tore og Stine, i leiligheita til Tore si mor.
Eg og Vidar for på delfinshow og fekk symje at med ein delfin. Det kosta litt, men det var kjekt å oppleve.

Vaskedamane laga til eit fint hjerte av sengelakena

Meg og Vidar ute på ein restaurant i sentrum andre dagen

Bassengområdet med pub ved Moonflower Hotel

Stine og Tore

Eg og Vidar

Vanntett kamera er gøy!


Delfinshow! Og bading at med delfinen Zeus etterpå:)

Kortspeling og god drikke på kvelden

Veskeshopping på eit marked

Gjensyn med hotellet vi bodde på for 4 år sidan

Før vi for ut å sjekka livet i sentrum

Vi var på Kleopatrastranda

Is er godt:)

Is:)

Namnet mitt på brødet vi fekk medan vi venta på mat

Vidar og eg

Strawberry Daqurie som ventedrikk før bussen til flyplassen kom