Alanya – here we come:)

18. august, 2010

I morga reise eg og Vidar frå Molde til Alanya i Tyrkia. Der skal vi kose oss i TO veke:) Ei veke skal vi vere at med eit vennepar (Tore og Stine). Det er lenge sidan eg og Vidar var sist i syden (2004) og den gongen var vi også i Alanya. Eg hadde ikkje store plana om å reise dit igjen, sidan eg ville til andre land i syden, men det er den billigaste plassen å reise til so…

Foreldra has Vidar skal passe Holly. Vi får håpe det går bra. Eg trur vertfall det vil gå bra sidan Holly ikkje er ein krevande hund. Berre ho får vere litt ute, gå ein liten tur og får litt kos er ho ganske fornøgd:) Litt småbjeffete/boffete/knurrete kan ho vere når ho høyrar nokre lydar og ser dyr på tv, men det er veldig lite i forhold til bjeffinga til deira eigen hund Fluffy, hehe. Det eg og Vidar fryktar litt er at Holly skal ta på seg uvanen hinna Fluffy, å bjeffe når ho høyrar/ser bilar og forskjellege andre lydar.

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy