Vanskeleg å velge

12. august, 2010

Ja, no har eg begynt å tenke igjen på å ta ei grafisk design utdanning, men då må eg flytte, bo vekke i to år og bruke mykje pengar på den utdannelsen. Vidar syns det er dumt og han har heller ikkje lyst til å slutte i jobben han har no. Han vil evt. kome flyttande etter 6-8 mnd.

Einaste sjansen for at eg ikkje begynde på studiet er igrunnen at eg får meg jobb i eit av dei to designfirmaane her i området og den sjansen er liten sidan eg manglar ein del kompetanse. Livet hadde vorte mykje lettare om eg fekk meg ein jobb her, men slik eg ser det kan eg ikkje fortsette å vente på at ein jobb skal dukke opp. Det dumme er at det ikkje er sikkert at eg får meg jobb etter endt utdanning og då er eg tilbake der eg har vore lenge: utan jobbmulegheiter innan det eg likar å holde på med.

OPPDATERING: Då har eg etter mykje tenkning og prat med Vidar, Solveig og foreldra mine bestemt meg for å satse på nettstudie i 1 år, so får eg sjå kva det føre til. Det vart for monge ulempe med at eg flytta dette året. Om eg ikkje får jobb etter nettstudiet må eg kanskje gå enda eit nettstudie, men får sjå om eg klare 1 år i første omgang. Om eg ikkje klare eit år til kan eg vurdere grafisk design igjen, men eg trur ikkje det vil skje sidan eg då allereide har brukt eit år på noko som ikkje førte til noko. Eg er vertfall veldig spent på kva dette året vil føre med seg!

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy