Kafe på dagtid, middag hos svingers og besøk på kvelden

26. juli, 2010

I dag for eg og Vidar på kafè. Vidar kom å vekte meg kl. 12 og sa at vi kunne fare på kafè. Eg tenkte at det han ville det berre for at eg skulle stå opp, hehe. På kaffibaren traff vi på Tore og Stine, eit vennepar av oss. Tore er heime på ferie. Vi sat der ei god stund.

Middag åt vi hos foreldra hans Vidar. Holly hadde vore hos dei medan vi var på kafè. Mora hans laga pannekake:) Vi sat ute i fineveret, sola haldt til vi var ferdige å ete.

På kvelden kom Tore og Stine, Bernt og Sara på besøk:)  Vi kosa oss med filmen A-team og åt kjeks, ost og oppskåre frukt. Sara og Stine var ikkje heilt begeistra over filmen. For mykje som skjedde. Eg syns filmen var bra:) Vidar ga den ein 5-ar.

Legg igjen ein kommentar

RSS Entries RSS | Comments RSS

Design: Ellen`s vrimmel med utgangspunkt i Panorama Theme by Themocracy