Elisabet

6. juli, 2010

Det var kjekt at Elisabet kom heim til Hareid før ho reiste heim igjen. Eg og Holly gjekk oss ein tur på besøk. Elisabet og typen Ann-Bjørn serverte is og kaffe :) Det var fint ver ute so vi kosa oss ute på plattingen.

Det blir forhåpentlegvis ein tur på besøk hos Elisabet og Ann-Bjørn i starten av august. Planen er å stikke innom på veien til Trondheim for å besøke folk der! Det blir kjekt :)

Nye veske

6. juli, 2010
Veske

Foto: mango.com

Endeleg har eg funne veska eg har vore på leit etter lenge! Den vart kjøpt på nettbutikken til Mango.

Den skulle vere svart, ha reim til å ha over skuldra, ha glidelås og vere stor nok til macen min. Då storesystra mi Mari kom heim til foreldra mine ei helg såg eg veska hinna ligge ne på gulvet. Eg tok ein kikk på den og fann ut at det var akkurat ei slik veske eg var ute etter :) Eg spurte om ho nettopp hadde kjøpt den. Ja, svarte ho. I Berlin. Heldigvis har butikken ein nettbutikk og der fann eg veska. Prisen var også heilt ok, kr 399 inkl. frakt.

Veske

Veske

RSS Entries RSS | Comments RSS

Design: Ellen`s vrimmel med utgangspunkt i Panorama Theme by Themocracy