29. juli, 2010
Eg, Vidar og Holly har vore på hyttetur at med Stine og Tore. Det var ein tur med ei overnatting.
Først sat vi ute på terrassa og shotta litt tyrkar, men det vart litt for mykje knott etterkvart so vi for inn og fortsatte der. Vi kosa oss med nachos og ein del drikke på kvelden. I dag sat vi ute på terassa og spelte Matzy Yatzy. Eg ville ikkje spele, men det var kjekt å sjå på. Det var fint ver ute, so eg benytta sjansen til å sole meg.
26. juli, 2010
I dag for eg og Vidar på kafè. Vidar kom å vekte meg kl. 12 og sa at vi kunne fare på kafè. Eg tenkte at det han ville det berre for at eg skulle stå opp, hehe. På kaffibaren traff vi på Tore og Stine, eit vennepar av oss. Tore er heime på ferie. Vi sat der ei god stund.
Middag åt vi hos foreldra hans Vidar. Holly hadde vore hos dei medan vi var på kafè. Mora hans laga pannekake:) Vi sat ute i fineveret, sola haldt til vi var ferdige å ete.
På kvelden kom Tore og Stine, Bernt og Sara på besøk:) Vi kosa oss med filmen A-team og åt kjeks, ost og oppskåre frukt. Sara og Stine var ikkje heilt begeistra over filmen. For mykje som skjedde. Eg syns filmen var bra:) Vidar ga den ein 5-ar.
24. juli, 2010
Vi grilla hos Sara og Bernt i kveld. Eg og Vidar kjøpte med oss pølse og brød, medan dei hadde kjøpt seg laks. Det tok ei stund å steike laksen, so når dei begynte å ete hadde eg og Vidar ete ferdig. Holly kosa seg med eit tyggebein. Etter grillinga vart det spelt Boccha. Eg sat berre å såg på og haldt Holly med selskap.
Knotten kom og det vart litt småkjølig so vi for inn og såg film. Eg huskar ikkje kva film vi såg, men det var ei rar komedie.
20. juli, 2010
Det var på tide å lage heimelaga brød igjen. Eg leitte på nettet og fann denne oppskrifta som er grov. I artikkelen eg fann oppskrifta var der også to andre grove oppskrifte. Oppskrift av Maria Thommessen, ernæringsfysiolog og matbokforfatter.
Brøda vart for grove for min del, og dei trengde å bli steikt mykje lengre enn det som sto i oppskrifta. Dei vart ikkje faste inni, var litt blautaktig deig på ein måte. Eg smurte ikkje brødformane sidan dei har slipp-belegg, men sidan brøda var klissete etter dei var steikte var det ikkje lett å få brødet ut av forma. Det eine brødet som sto i ca. 40 minutt lengre enn tida som står i oppskrifta slapp forma til slutt, hehe.
Oppskrift:
1 kg grov sammalt hvete
1 kg sammalt rug
200 g siktet hvetemel
1 pakke tørrgjær 1 ss salt
1- 2 dl solsikkekjerner
1 dl havrekli 1,8- 2 liter vann 1 ss oliven
Bland alle tørre ingredienser. Lag ei grop i melet og hell i lunkent vann og olje. Rør deigen godt sammen og la den heve i minimum to timer, gjerne over natta eller mens du er på jobb. Slå deigen ned og ha den i tre smurte brødformer. Sett formene i ovnen på 50 grader i en halv time. Øk deretter temperaturen til 170 grader og stek dem ferdige (ca. 1 time).
11. juli, 2010
Dei tre siste kveldane har eg og Vidar sett på film. Første kvelden var det Boondock Saints 1 på tven, andre var Boondock Saints 2 og tredje var Det regner kjøttboller. Vi var fornøgd med alle tre filmane. Boondock Saints 1 har lenge våre ein av yndlingsfilmane til Vidar. Vi kosa oss med kake, kanelbollar, kaffe og lasagne.
10. juli, 2010
Planen er å ha eit eller to walk-in closet i vår framtidige boligdrøm. Det andre blir då på gjesteromet som kombinert skap/bod.
Her kjem nokre bilder til inspirasjon. Størrelsen vi kan ha på skapet er ganske lite, men det skal gå trur eg. Om det ikkje skulle passe seg med walk-in closet blir det skyvedørsgarderobe med 4 speildører om vi har råd til det.

Foto: containerstore.com

Foto: containerstore.com
Vi skal då ha ein vegg til han og ein til henne + veggen forann på deling.
Eg syns det er litt urydding utan skapveggar, so skapveggar blir det.

Foto: iloverags.com
8. juli, 2010
Då er ferieturen endeleg bestilt. Eg og Vidar skal vere på SunFamilly Villa MoonFlower i Alanya i Tyrkia. I ei veke skal vi vere at med eit vennepar og ei veke på hotellet. Det blir sikkert veldig kjekt. Sol og varme
Det ein del år sidan sist vi reiste til utlandet, og det vart Alanya sist gong også. Eg ville igrunnen til ein ny plass i år, men det var berre Tyrkia som hadde billege spesifiserte restplassar.
6. juli, 2010
Det var kjekt at Elisabet kom heim til Hareid før ho reiste heim igjen. Eg og Holly gjekk oss ein tur på besøk. Elisabet og typen Ann-Bjørn serverte is og kaffe
Det var fint ver ute so vi kosa oss ute på plattingen.
Det blir forhåpentlegvis ein tur på besøk hos Elisabet og Ann-Bjørn i starten av august. Planen er å stikke innom på veien til Trondheim for å besøke folk der! Det blir kjekt
6. juli, 2010

Foto: mango.com
Endeleg har eg funne veska eg har vore på leit etter lenge! Den vart kjøpt på nettbutikken til Mango.
Den skulle vere svart, ha reim til å ha over skuldra, ha glidelås og vere stor nok til macen min. Då storesystra mi Mari kom heim til foreldra mine ei helg såg eg veska hinna ligge ne på gulvet. Eg tok ein kikk på den og fann ut at det var akkurat ei slik veske eg var ute etter
Eg spurte om ho nettopp hadde kjøpt den. Ja, svarte ho. I Berlin. Heldigvis har butikken ein nettbutikk og der fann eg veska. Prisen var også heilt ok, kr 399 inkl. frakt.

