Vanskeleg

Livet er vanskeleg.

No har det gått to år sidan eg var ferdig utdanna og eg har fortsatt ikkje fått meg nokon fast jobb. Det begynde å ta på. Eg har vore i praksis i 2 1/2 mnd no og det har vore kjekt. Dessverre har dei ikkje økonomi til å gi meg sommarjobb eller ein vanleg jobb. Dermed er siste dagen min i praksis i morga dersom eg ikkje fortsette etter sommarferien. Det er litt trist det også.

Motivasjonen min angåande mulegheitane mine i arbeidslivet begynde å dale nedover og eg er oppgitt. Det er også andre ting i livet mitt som gjer at eg følar meg ganske so nedstemt.

Eg visste på førehand at eg lite sannsynleg kom til å få meg jobb der eg er i praksis, men eg hadde eit lite håp. Etter sommarferien kan eg fortsette i praksis her, men eg tenke på om det er nokon vits å fortsette å ha praksis når det neppe vil føre til at eg får ein fast jobb nokon stad. Her er veldig få jobbar innan web og sjansen er større om ein har kunnskap innan programmering. Eg vurderar å gå hardt inn for å lære meg eit relevant programmeringsspråk og satse på å få meir kunnskap innan web. Det negative er at her er så få firma som driv på med det her i nærområdet. Mulegheita er litt større om eg vil reise 1 time til og frå jobb.

Eg har i tankane å ta eit nettstudie innan 3d design, men sidan det tar eit år og kostar ein del er eg usikker. Det er ikkje sikkert eg blir flink i det heller, so å bruke mykje peng på noko som eg kanskje ikkje kjem til å jobbe med er eit vanskeleg val. Det hadde vore betre om eg gjekk på ein skule med eit godt studiemiljø rundt meg, for då kunne eg ha fått støtte og inspirasjon der ifrå. Om eg blir sittande heime for meg sjølv har eg ingen å støtte meg til eller dele mi interesse med.

Far min seiar eg kan begynde å jobbe for han om eg vil det. Det vil sei sal av markiser/persienner der eg fær heim til kunden og tar mål. Det er ikkje akkurat noko eg vil trivast med i lengda og då får eg heller ikkje brukt utdanninga mi til noko.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *