Innhaldsrik helg

Fredag på dagtid var eg i begravelsen til bestefar. Det var ein fin begravelse, med masse slekt og hyggelege minneord.

På kvelden for eg på kaffibaren at med Sara og nokre av veninnane hennar. Det var kjekt:) Vi kosa oss og snakka om bryllaupet til Sara, jobb, studie, folk og generelt om framtida. Eg bestilte meg ein veldig god kylling og baconsalat m/ brød til. Det heile vart enda bedre med ei pærecider til. Mmm.

Laurdag, på dagtid, for eg og Solveig ein tur til vik for å shoppe. Eg fekk endeleg kjøpt meg nokre finsko som kan brukast litt til vanleg også. Skoa kosta no kr. 299 istaden for kr. 499, so eg er glad eg valgte å ikkje kjøpe dei sist eg prøvde dei:)

Svarte sko

Laurdagskvelden var vi på bursdagfest hos Terje, broren til Vidar. Det var for det meste ein kjekk fest. Eg sat å prata med Solveig første delen av kvelden. Eg fekk sann lyst til å danse, men ingen ville det utanom ei. Vi tok oss ein swing på gulvet, men sidan ingen kunne å føre vart det med den eine dansen, hehe. Eg ville gjerne høyre på RnB, men det vart visst ikkje godt mottatt. Seinare på kvelden oppsto det ein situasjon som førte til at eg og Vidar hadde ein utriveleg diskusjon. Den har vi hatt eit par gongar, men vi kjem ingen vei og det blir dermed berre liggande i «dvale» til seinare. Vi er ganske so ulike av oss på monge punkt og dermed er det ikkje so lett.

Søndag kveld bestilte vi oss cheeseburgermeny og såg Heros:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *