Kjøkkenløysing – inspirasjon

Her kjem det bilder til inspirasjon fram til vi skal bygge hus.

Sidan det ikkje gjekk å få seg ei tomt med utsikt og litt flate der vi vil bygge, blei det å kjøpe hus som skal byggast på ei flate med nesten ingen utsikt i ei anna kommune.

 

Muleg kjøkkenløsning

Foto: designa.dk/no

Dette er den kjøkkenløysinga som passar meg best sidan eg treng mykje skap og benkeplass :) Eg vil ha kjøkkenøy, men eg kan gå med på å ha øya inn mot veggen dersom det skulle bli behov for det. Det som er problemet er om rommet blir for kort til å ha denne løysinga.

Den løysinga på bildet er nesten slik eg vil ha mitt kjøkken. Forskjellen er at vi har planar om:

  • Handtak på skuffe/skapdører.
  • Innebygd kjøleskap og frysar. Eg syns kanskje kjøleskap i skuff hadde vore ei genial løysing, men det er litt for dyrt og eg veit ikkje kor praktisk det hadde blitt. Eg tenkjar folk spør: «Kor er kjøleskapet?». Hehe
  • Ein anna type vask og blandebatteri. Mest sannsynleg blandebatteri frå Grohe.  Vasken skal enten vere underlimt eller gå i ett med benkeplata (mulegens Corian?)
  • Skuffer under heile benkeplata på kjøkkenøya, utanom på den delen der det skal vere barstolar
  • Barstoler som er kvite eller svarte (mulegens slike som er på to bilder ned)
  • Kanskje ein ventilator som er rund (sjå to bilder ned)
  • Kvite skuffer i «lista» til kjøkkeninnredninga
  • Golvet blir eikeparkett, men eg syns det er stilig med svart flismønster på kjøkkenet.  Her er ein artikkel om valg av gulv.
  • Der blir dessverre ikkje vindu før på enden av benkeskapveggen
  • Høyskap som dekker heile veggen (innebygd i veggen)
  • Kvit benkeplate, men hadde sikkert vore fint med grå eller svart benkeplate
Kjøkkenløysing

Eg tenkjar kanskje at kjøkkenskap og fryseskap blir slik som den på bildet over, men med berre ei heil dør. Med å ha skap over kjøleskapet får ekstra lagringsplass,  muleg vi går for den løysinga. Derimot syns eg kanskje det ser litt voldsomt ut med so høge høyskap.

 

Kjøkkenløysing

Foto: andreasohelene.blogspot.com

Eg har litt lyst på slike overskap som er på bildet over, men ved å ikkje ha overskap blir det litt meir opent og kjøkkenet blir ikkje so framtredane (i open stove/kjøkken-løysing). I tillegg legg det seg alltid støv oppå overskap og det er eit slit å få bort. Bildet tilhøyrer bloggen andreasohelene.blogspot.com.

 

Kjøkken

Foto: designa.dk/no

Dette er ei av kjøkkenløysinga eg ser på dersom rommet blir for lite for den som er på det øverste bildet. Det blir so klart steikeplate på «kjøkkenøya» her også :) og eit breiare «kjøkkenøy». Det er eit must med steikeplate på kjøkkenøy sidan eg vil sjå på tv frå kjøkkenet :)

Fargen på gulvet er omtrent den eg vil ha på parketten.

 

Her er idear til overskap:

Kjøkkenskap

Foto: designa.dk/no

Det hadde vore kult å hatt grønne overskap plassert slikt på kjøkkenet:), men eg ville gått for dei i kvitt og heller hatt på nokon wallstickers slik eg kunne endre utrykk etter behov.

Kjøkkenskap

Eg likar godt dinne typen overskap.

Kjøkken

Foto: finn.no

Ei mulegheit er å ha nokre høge overskap med lave overskap over. Eg syns denne løysinga var fin, men det gjor kjøkkenet mindre luftig.

Open kjøkken/stove-løysing

Open kjøkken/stove løysing

Slik vil eg gjerne ha det:) Hos oss blir huset ikkje so langt og spisebordet plasserast ved sidan av sofaområdet. Ville gjerne hatt ein peis som skille mellom sofaområdet og spisebordet, men det blir ikkje plass. Peis derimot skal vi ha:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>