Kvil i fred bestefar
På formiddagen i dag ca. kl. 11.30 døde bestefaren min. Han blei 82 år.
Han har vore sjuk lenge, so det var vel noko vi venta skulle skje. Mat har han ikkje ete sjølv på 4 mnd. Ein del av familia var der oppe på tirsdag og eg blei med. Det var ikkje muleg å få kontakt med bestefar, slik hadde det vore sidan laurdag. Då sa han ja og nei har eg fått høyrt. Han såg ikkje heilt ut som seg sjølv sidan han hadde vorte so tynn. Det er ei god stund sidan eg hadde sett bestefar, då var han fortsatt heime hos besta. Forma hans var ikkje bra den gongen, men han sat i stolen og kom med diverse fortellingar.
Heime vart familia samla til brennsnut kl. 17.
Familia mi og onkel Roger si, besta og onkel Vebjørn var opp på sjukeheimen og sa hadet kl. 18 i dag. Det var litt uverkeleg der eg såg bort på bestefar. Eg ser for meg han bestefar site å smile og kome med ei fortelling. Der han låg var han litt framand sidan han var så tynn. Eg trur det hadde vore vanskelegare dersom han var meir lik seg sjølv.
Dette er første gong nokon nære meg har dødd, det nærmaste hittil har vore oldemora mi då eg var lita og tanta til mor mi. Det er litt rart. Eg tenkjar på det eg har sett på film, at familien til den avdøde går bort til den avdøde for å sei farvel. No fekk eg sjølv oppleve dette på virkeleg. Eg ville vente til det ikkje var so monge i rommet før eg gjekk bort til bestefar sidan eg følte det vart litt for ubehageleg at alle skulle stå å sjå bort mot meg når eg skulle sei farvel.
Etterpå for eg, systra mi Mari og Jan Robert (typen til Mari) ein køyretur. Mari syns det hjalp å sjå litt ut over sjøen og stranda.
Heime igjen åt vi brennsnut og vannmelon.




