10. juni, 2010
Holly har altid røyta mykje, men den siste månaden har ho nesten ikkje røyta i det heile
Å kor hørleg! Vi treng berre å sope over golvet ein-to gongar i veka, før var det kvar dag og det ligg ikkje eit lag med hundehår oppi sofoane om morgonen. Eg håper verkeleg dette kjem til å vare!:) Det er muleg det at ho røytar mindre er pga løpetida ho har hatt, men eg kan ikkje huske at ho røyta mindre dei forrige løpetidane.

10. juni, 2010
I dag var eg på jobbintervju angåande ei stilling som teknisk kundekonsulent. Eg har allereide vore på eit intervju hos eit bemanningsbyrå angåande stillinga for å finne ut om eg kunne vere aktuell.
Interjvuet gjekk ganske bra. Det er alltid vanskeleg å vete kor bra det gjekk og om ein blir valt sidan der er fleire aktuelle kandidatar.
Etter intervjuet for eg ein tur innom kjøpesenteret for å sjå om eg fann meg nokre sommarlege sko. Det gjor eg på Økonomi sko:)

10. juni, 2010
Eg vart småforkjøla på mandag. Fekk sår hals og vart snufsete.
På tirsdag kveld kjente eg at forma ikkje var spesielt bra. Onsdag morgen valte eg å ikkje fare i praksis. Eg var frostig, stiv i muskelaturen og forkjøla. Det kjentes ut som forstadiumet til feber, men feberrmålaren viste berre 37,5. For meg er det meir enn vanleg da sidan det normalt ligg mellom 35,5 – 36,5 grader. Dagen brukte eg på å sove og sjå på tv. Då eg la meg målte temperaturen 35,5 grader.
Eg valte å bli heime i dag også. Det er best å kome i form igjen før eg fær i praksis. Det dumme er at eg skulle helst ha vore i praksis sidan eg det var ein del eg skulle ha fått gjort:/ Eg er fortsatt litt tung i hovudet og småsliten. Temperaturen min var 36,5 grader i dagtidleg. Då hadde eg dusja, var god og varm:)