Vanskeleg

29. juni, 2010

Livet er vanskeleg.

No har det gått to år sidan eg var ferdig utdanna og eg har fortsatt ikkje fått meg nokon fast jobb. Det begynde å ta på. Eg har vore i praksis i 2 1/2 mnd no og det har vore kjekt. Dessverre har dei ikkje økonomi til å gi meg sommarjobb eller ein vanleg jobb. Dermed er siste dagen min i praksis i morga dersom eg ikkje fortsette etter sommarferien. Det er litt trist det også.

Motivasjonen min angåande mulegheitane mine i arbeidslivet begynde å dale nedover og eg er oppgitt. Det er også andre ting i livet mitt som gjer at eg følar meg ganske so nedstemt.

Eg visste på førehand at eg lite sannsynleg kom til å få meg jobb der eg er i praksis, men eg hadde eit lite håp. Etter sommarferien kan eg fortsette i praksis her, men eg tenke på om det er nokon vits å fortsette å ha praksis når det neppe vil føre til at eg får ein fast jobb nokon stad. Her er veldig få jobbar innan web og sjansen er større om ein har kunnskap innan programmering. Eg vurderar å gå hardt inn for å lære meg eit relevant programmeringsspråk og satse på å få meir kunnskap innan web. Det negative er at her er så få firma som driv på med det her i nærområdet. Mulegheita er litt større om eg vil reise 1 time til og frå jobb.

Eg har i tankane å ta eit nettstudie innan 3d design, men sidan det tar eit år og kostar ein del er eg usikker. Det er ikkje sikkert eg blir flink i det heller, so å bruke mykje peng på noko som eg kanskje ikkje kjem til å jobbe med er eit vanskeleg val. Det hadde vore betre om eg gjekk på ein skule med eit godt studiemiljø rundt meg, for då kunne eg ha fått støtte og inspirasjon der ifrå. Om eg blir sittande heime for meg sjølv har eg ingen å støtte meg til eller dele mi interesse med.

Far min seiar eg kan begynde å jobbe for han om eg vil det. Det vil sei sal av markiser/persienner der eg fær heim til kunden og tar mål. Det er ikkje akkurat noko eg vil trivast med i lengda og då får eg heller ikkje brukt utdanninga mi til noko.

Innhaldsrik helg

28. juni, 2010

Fredag på dagtid var eg i begravelsen til bestefar. Det var ein fin begravelse, med masse slekt og hyggelege minneord.

På kvelden for eg på kaffibaren at med Sara og nokre av veninnane hennar. Det var kjekt:) Vi kosa oss og snakka om bryllaupet til Sara, jobb, studie, folk og generelt om framtida. Eg bestilte meg ein veldig god kylling og baconsalat m/ brød til. Det heile vart enda bedre med ei pærecider til. Mmm.

Laurdag, på dagtid, for eg og Solveig ein tur til vik for å shoppe. Eg fekk endeleg kjøpt meg nokre finsko som kan brukast litt til vanleg også. Skoa kosta no kr. 299 istaden for kr. 499, so eg er glad eg valgte å ikkje kjøpe dei sist eg prøvde dei:)

Svarte sko

Laurdagskvelden var vi på bursdagfest hos Terje, broren til Vidar. Det var for det meste ein kjekk fest. Eg sat å prata med Solveig første delen av kvelden. Eg fekk sann lyst til å danse, men ingen ville det utanom ei. Vi tok oss ein swing på gulvet, men sidan ingen kunne å føre vart det med den eine dansen, hehe. Eg ville gjerne høyre på RnB, men det vart visst ikkje godt mottatt. Seinare på kvelden oppsto det ein situasjon som førte til at eg og Vidar hadde ein utriveleg diskusjon. Den har vi hatt eit par gongar, men vi kjem ingen vei og det blir dermed berre liggande i “dvale” til seinare. Vi er ganske so ulike av oss på monge punkt og dermed er det ikkje so lett.

Søndag kveld bestilte vi oss cheeseburgermeny og såg Heros:)

Jonsokfeiring

23. juni, 2010

Jonsokbålet

I dag for eg og Holly på jonsokfeiring i Eliasgarden. Vi rakk ikkje å kome til prgrammet som begynte  17.30 sidan eg kom heim kl. 17, men vi kom til grillinga. Foreldra mine vart også med. Det er tradisjon for oss å feire jonsok i Eliasgarden. Folk blir oppfordra til å kle seg ut. Barna i området opptrer med forskjellege programinnslag i Eliasløa og det blir ete god mat. “Brudeparet” blir vigd og deretter kjem bålbrenning etterfylgt at grilling.  I år var de talt heile 80 personar som tok turen for å sjå på programinnslaga til barna:)  Eg begynte å grille kl. 19.30 og for heim kl. 21.15. Veret var fint, men det vart litt kaldt etterkvart sidan sola ikkje nådde fram dit vi sat.

Holly

Holly

Jonsokgrilling

Jonsokgrilling

Tekst på stova

19. juni, 2010
Tekst på stova

Foto: piaulin.com

Denne teksta kan eg godt tenke meg å ha over sofaen eller på ein vegg på stova. Foto er tatt av Pia Ulin.

Vaskerom – inspirasjon

19. juni, 2010

Her er inspirasjon til vaskerom. I huset vi bygger er det bad/vaskerom i eit. Så det blir ikkje vaskemaskin ståande oppå ei “hylle” sidan det er for lite benkeplass.

Vaskerom

Huskar ikkje kor eg fann bildet

Vaskerom

Foto: designa.dk/no

Disse løysingane kan eg godt tenke meg. Praktiske og veldig fine.

Vaskerom

Foto: delikatissen.com

Ei enkel løysing dersom det blir for dyrt med skap er å male rommet i ein knæsj farge og ha ein gjennomført stil. Det er litt meir rotete, men friskare:)

Kjøkkenløysing – inspirasjon

19. juni, 2010

Her kjem det bilder til inspirasjon fram til vi skal bygge hus.

Sidan det ikkje gjekk å få seg ei tomt med utsikt og litt flate der vi vil bygge, blei det å kjøpe hus som skal byggast på ei flate med nesten ingen utsikt i ei anna kommune.

 

Muleg kjøkkenløsning

Foto: designa.dk/no

Dette er den kjøkkenløysinga som passar meg best sidan eg treng mykje skap og benkeplass :) Eg vil ha kjøkkenøy, men eg kan gå med på å ha øya inn mot veggen dersom det skulle bli behov for det. Det som er problemet er om rommet blir for kort til å ha denne løysinga.

Den løysinga på bildet er nesten slik eg vil ha mitt kjøkken. Forskjellen er at vi har planar om:

  • Handtak på skuffe/skapdører.
  • Innebygd kjøleskap og frysar. Eg syns kanskje kjøleskap i skuff hadde vore ei genial løysing, men det er litt for dyrt og eg veit ikkje kor praktisk det hadde blitt. Eg tenkjar folk spør: “Kor er kjøleskapet?”. Hehe
  • Ein anna type vask og blandebatteri. Mest sannsynleg blandebatteri frå Grohe.  Vasken skal enten vere underlimt eller gå i ett med benkeplata (mulegens Corian?)
  • Skuffer under heile benkeplata på kjøkkenøya, utanom på den delen der det skal vere barstolar
  • Barstoler som er kvite eller svarte (mulegens slike som er på to bilder ned)
  • Kanskje ein ventilator som er rund (sjå to bilder ned)
  • Kvite skuffer i “lista” til kjøkkeninnredninga
  • Golvet blir eikeparkett, men eg syns det er stilig med svart flismønster på kjøkkenet.  Her er ein artikkel om valg av gulv.
  • Der blir dessverre ikkje vindu før på enden av benkeskapveggen
  • Høyskap som dekker heile veggen (innebygd i veggen)
  • Kvit benkeplate, men hadde sikkert vore fint med grå eller svart benkeplate
Kjøkkenløysing

Eg tenkjar kanskje at kjøkkenskap og fryseskap blir slik som den på bildet over, men med berre ei heil dør. Med å ha skap over kjøleskapet får ekstra lagringsplass,  muleg vi går for den løysinga. Derimot syns eg kanskje det ser litt voldsomt ut med so høge høyskap.

 

Kjøkkenløysing

Foto: andreasohelene.blogspot.com

Eg har litt lyst på slike overskap som er på bildet over, men ved å ikkje ha overskap blir det litt meir opent og kjøkkenet blir ikkje so framtredane (i open stove/kjøkken-løysing). I tillegg legg det seg alltid støv oppå overskap og det er eit slit å få bort. Bildet tilhøyrer bloggen andreasohelene.blogspot.com.

 

Kjøkken

Foto: designa.dk/no

Dette er ei av kjøkkenløysinga eg ser på dersom rommet blir for lite for den som er på det øverste bildet. Det blir so klart steikeplate på “kjøkkenøya” her også :) og eit breiare “kjøkkenøy”. Det er eit must med steikeplate på kjøkkenøy sidan eg vil sjå på tv frå kjøkkenet :)

Fargen på gulvet er omtrent den eg vil ha på parketten.

 

Her er idear til overskap:

Kjøkkenskap

Foto: designa.dk/no

Det hadde vore kult å hatt grønne overskap plassert slikt på kjøkkenet:), men eg ville gått for dei i kvitt og heller hatt på nokon wallstickers slik eg kunne endre utrykk etter behov.

Kjøkkenskap

Eg likar godt dinne typen overskap.

Kjøkken

Foto: finn.no

Ei mulegheit er å ha nokre høge overskap med lave overskap over. Eg syns denne løysinga var fin, men det gjor kjøkkenet mindre luftig.

Open kjøkken/stove-løysing

Open kjøkken/stove løysing

Slik vil eg gjerne ha det:) Hos oss blir huset ikkje so langt og spisebordet plasserast ved sidan av sofaområdet. Ville gjerne hatt ein peis som skille mellom sofaområdet og spisebordet, men det blir ikkje plass. Peis derimot skal vi ha:)

Fine blomsterplante

18. juni, 2010

Eg og Vidar fekk ei fine blomsterplante av foreldra has Vidar som kondolering for bestefaren min.

Blomsterplante

Blomsterplante

Kvil i fred bestefar

17. juni, 2010

På formiddagen i dag ca.  kl. 11.30 døde bestefaren min. Han blei 82 år.

Han har vore sjuk lenge, so det var vel noko vi venta skulle skje. Mat har han ikkje ete sjølv på 4 mnd. Ein del av familia var der oppe på tirsdag og eg blei med. Det var ikkje muleg å få kontakt med bestefar, slik hadde det vore sidan laurdag. Då sa han ja og nei har eg fått høyrt. Han såg ikkje heilt ut som seg sjølv sidan han hadde vorte so tynn. Det er ei god stund sidan eg hadde sett bestefar, då var han fortsatt heime hos besta. Forma hans var ikkje bra den gongen, men han sat i stolen og kom med diverse fortellingar.

Heime vart familia samla til  brennsnut kl. 17.

Familia mi og onkel Roger si, besta og onkel Vebjørn var opp på sjukeheimen og sa hadet kl. 18 i dag. Det var litt uverkeleg der eg såg bort på bestefar.  Eg ser for meg han bestefar site å smile og kome med ei fortelling. Der han låg var han litt framand sidan han var så tynn. Eg trur det hadde vore vanskelegare dersom han var meir lik seg sjølv.

Dette er første gong nokon nære meg har dødd, det nærmaste hittil har vore oldemora mi då eg var lita og tanta til mor mi. Det er litt rart. Eg tenkjar på det eg har sett på film, at familien til den avdøde går bort til den avdøde for å sei farvel. No fekk eg sjølv oppleve dette på virkeleg. Eg ville vente til det ikkje var so monge i rommet før eg gjekk bort til bestefar sidan eg følte det vart litt for ubehageleg at alle skulle stå å sjå bort mot meg når eg skulle sei farvel.

Etterpå for eg, systra mi Mari og Jan Robert (typen til Mari) ein køyretur. Mari syns det hjalp å sjå litt ut over sjøen og stranda.

Heime igjen åt vi brennsnut og vannmelon.

Min interiørstil

17. juni, 2010
67% Contemporary / 33% Vintage Modern
Min interiørstil

Contemporary

So fresh and so clean! Antiques? No thanks! Vintage collections and clutter of any type? Not for you! You like your space new and sleek. Each piece is chosen carefully as if it was a piece of art, and your love of minimalism is expressed throughout each room. Furniture has clean lines and geometric shapes are preferred. You’re not afraid of color; in fact bold color options only highlight the minimal items you choose for your home. But, the key is clean! To master the minimalist interior you not only have to be selective in the few furniture items you bring into the space, but you must also find a way to hide all of the real life items as well.

Materials

With contemporary design the material of the object is nearly as important as the object itself. Manmade materials such as acrylic, steel and plastic are often found in your spaces and chrome and glass can also fill prominent roles. Wood is also used, though the nature of the wood is rarely highlighted. Stains tend to be either very dark or very light so that the grains of the wood are minimized and only the color remains.

Colors

Colors range dramatically from subtle neutrals to bright colors, though the one consistent element is the lack of clashing patterns and busy color palates. Bright colors are used sparingly and intended to create drama and highlight a wall or piece of furniture. Many times the entire space will be neutral in palate and it is only the art and accessories that bring in color and drama. In this sense the space literally acts as an art gallery intended to highlight only the items of utmost importance.

Space Planning

When space planning the focus is placed on finding the right pieces to give you enough seating for entertaining but never so much that the room feels cluttered. The feeling should always be one of less is more, and your furniture tends to appear more as works of art than simply as a sofa or a chair.

Vintage Modern

Flea Market anyone? You know you are drawn to modern furniture and interiors, and yet you really don’t like a space that feels cold and sterile. And who could blame you? And that’s why Vintage Modern is so appealing to you. Though the backdrop of the room, the walls and windows, are many times white or monochromatic, the furniture and accessories have the color, shape and texture to bring the warmth into the space. The great thing about Vintage Modern is ease of mixing different styles in the one space. You can have a new modular sofa mixed with a great pair of chairs that your grandmother purchased in the late 1950′s and the new and old work appear as though they were destined for each other. What’s great is that even if you don’t have time for swap meets and garage sales, so many of the pieces from the mid-century were so great that they have been remade and mimicked year after year.

Materials

The other great thing about Vintage Modern is how low maintenance it can be — fabrics such as cotton, microfiber or ultra-suede and leather all look great and function even better. So whether you are having a cocktail party with friends, or kids are in the picture, the room and the furnishings can handle it. Because the style harkens back to the early twentieth century, the innovative developed during that time are very popular: acrylic, plastic and fiberglass, chrome and steel, and molded plywood. Concrete floors, countertops and furniture are also very popular and lacquered finishes are very common.

Colors

When it comes to color, walls are seen as backdrops for the room. Neutral tones of gray, white, beige and brown are very common and black is a common accent color. Pops of color on the art, furniture and accessories can vary dramatically based on the person, however very common colors are teal blues, army greens and yellow as well as deep oranges and bright reds.

Ja, dette er min stil:) Eg ville kanskje ikkje hatt so monge knæsje fargar saman som på det siste bildet.

Finn din stil her :)

Film

16. juni, 2010

I dag såg eg filmen Splice.

Den var ganske bra. Eg syns slutten var litt kjedeleg. Det burde kome en oppfølgjar:)

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy