I Oslo

Dei siste dagane har eg vore i Oslo på besøk hos Solveig 🙂

Vidar og Bernt skulle til Tønsberg, so eg sat på ned til Oslo. Mesteparten av køyreturen sov eg. Eg har eit veldig godt sovehjerte, litt for godt kanskje…Holly vart passa av foreldra has Vidar dinne longhelga.

Eg kom til Oslo torsdag kl. 17. Då vart det rett bort på ein kinarestaurant for å ete middag saman med Solveig, mamma og pappa. Foreldra våre besøkte også Solveig dinne longhelga. Etter middagen for dei på ballett ved Operaen, medan eg for heim til Solveig.

Fredag gjekk med til å sove, sjå film, ete lunsj, shoppe litt og slappe av. På kvelden laga pappa og Solveig entrecote til middag, nam!

Laurdag for vi ned på Oslo City og shoppa. Eg fann meg dessverre ikkje sko eller veske. Eg og Solveig åt ein god kyllingsalat m/ baguett til lunsj:) Vi for ein tur bort på Operaen slik at eg også fekk sette Opera-bygget. Det var fin arkitektur, men eg syns taket kanskje var litt risikabelt bygt. Ein må vertfall ha augane opne for kor ein går og ikkje gløyme seg bort i praten. Til middag i dag kjøpte pappa inn pølse, poteter, gulrot og rabbe. Det er nesten favorittmiddagen has! Hehe. Eg og Solveig er også veldig glad i det, men mamma er ikkje spesielt begeistra for pølse. Kvelden vart for min del tilbragt i senga sidan resten av familia såg ein film på tv som eg ikkje ville sjå. Solveig kom å vekte meg rundt 24.30. Då sto eg opp og vi såg ein film og las Fantomet! Fyren Solveig delar leiligheit med har visst monge gamle Fantomet-blad. Eg har lest dei før, men det er lenge lenge sidan. Vi gjekk å la oss rundt 04.

Søndag formiddag/ettermiddag sat eg og Solveig inne. Vi møtte foreldra våre rundt kl. 20 for å gå ut å ete middag og enda opp på ein restaurant ved sidan av flybusstoppet på Majordstua. Eg og Solveig bestilte oss Club Sandwitch. Sidan det ikkje stod chips, potetbåtar e.l. funderte eg over om det fylgte med. På resten av menyen stod det heller ikkje den type tilbehør so eg kom fram til at det måtte fylge med. Men det gjor det altso ikkje! Maten var god den, men eg ville ikkje kalla det Club Sandwitch. Brødet var vanleg brødskive skjert i ein firkant, lagt lagvis med diverse salat og grønsaker og med bacon heilt på toppen. Det var heldigvis gode smakar…. På kvelden for eg og Solveig ut på byen. Uteplassen var berre 5 minutt frå der Solveig bor, so det var veldig greit 🙂 Vi dansa og hadde det artig. Det vi fann ganske underleg var at alle folka begynte å gå ein halv time før stengetid. So det vart tomt på dansegolvet siste halvtimen. Det var litt kjedeleg syns vi.

Mandag (17.mai) kom eg og Solveig oss ned til Oslo S kl. 12.55 for å møte foreldra våre. Vidar kom å henta meg kl. 13.40, so eg rakk å ete ein god baguett til frukost. Turen heim brukte eg til å sove og prøve å kome på ein slags mini-fortelling for ein animasjonside, men eg har ganske so liten fantasi og humor kom eg fram til. Eg vurderar å kanskje studere 3D design og animasjon, men sidan eg har lite med humor og fantasi veit eg ikkje heilt om det blir det rette studiet. Teknisk design er kanskje bedre å satse på for meg, men animasjon hadde vore artig å lært seg da og ein får eg også ei breiare fagleg dybde ved å gå det:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *