I går og i dag
Dei to siste dagane har vore veldig kjekke og lærerike
I dag jobba eg på Informasjonskontoret. Eg har sett på nettsida til høgskulen og kom med forslag til nokre forbedringar. Etterkvart begynte eg og Eirik (vevdesignaren) å forandre på nyheitsarkiv-funksjonen. Den trengte ein del endringar. Sidan eg ikkje har noko erfaring med PHP og MySQL sat vi saman å arbeida med den oppgåva. Eirik forklarte litt underveis og eg spurte om det var noko eg lurte på. Eg lærte ein del og fekk svar på noko av det eg har lurt på ei stund når det gjeld oppsett av og henting av informasjon inn i ei side
Dessverre vart vi ikkje ferdige med nyheitsarkiv-funksjonen før eg skulle ta bussen heim, kanskje vi kan fortsette i morga. Dinne typen arbeid er slikt eg kan site å fikle med heile dagar og til eg er ferdig/har fått det til.
I går var det nokre kunstverk som skulle fotograferast på det nye bygget ved høgskulen. Sidan eg ikkje hadde noko å gjere på IT-avdelinga blei eg med Eirik og hjalp han å bere stativet. Eg lærte om bruk av manuelle innstillingar og fekk prøve å fotografere med stativ:) Det var kjekt å få prøve og lære noko nytt. Eg har lest litt om manuell bruk av digitalkamera tidlegare, men sidan eg ikkje har prøvd det ut har eg gløymt det meste om det.




