Jobbintervju og shopping

7. mai, 2010

Eg var på jobbintervju i dag. Det gjald ei stilling innan teknisk drift av applikasjonslaget på ERP-system.

Intervjuet gjekk sann passe bra. Eg vart spurt ganske få spørsmål. Mesteparten av intervjuet gjekk med på at eine intervjuaren forklarte kva jobben ville gå ut på. Det er fire personar som har vore innkalt på intervju og vi får tilbakemelding neste veke. (Oppdatering: Etter ei god del veke fekk eg mail om at eg ville høyre frå dei etter sommarferien dersom eg fortsatt er interessert. )

Etter intervjuet for eg på shopping. På Airport kjøpte eg meg: ei kvit long skjorte, ein vanleg svart singlet, ein svart kjole med kvite prikkar (er litt spesiell, kan hende den blir brukt) og ein svart genser. Eg for innom Traktøren (kjøkkenutstyrbutikk) og der var det mykje eg kunne tenke meg, men eg endte opp med å kjøpe to kjøkkenhanddukar (ein svart med kvite avlonge “rundingar” og ein med sterke mørkegrønn farge) som kjem skal sprite opp kjøkkenet litt. I tillegg kjøpte eg ei ispinneboks slik eg kan lage ispinnar heime og ei turkis barnekjevle som kan brukast til å kjevle ut pizzadeiga når den har komt opp på steikebrettet. Eg hadde visst ei barnekjevle i tre frå før av, men det får so vere (den har eg frå då eg var lita).

Kjole

Kjole frå Airport

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy