Grove rundstykker

Grove rundstykker

I kveld laga eg grove rundstykker. Dei vart litt bolleaktige syns eg, som grove bollar. Vidar kalla det bolla og det var bra for han vil helst ha bollar.

Oppskrifta fann eg på Klikk.no. Eg har lenge tenkt på å lage grove rundstykker, men den oppskrifta eg har brukt tidlegare er ikkje spesiell god syns eg. Det hadde vore kjekt å laga nokre gode grove rundstykker ala det ein får kjøpt på kafè, men har ikkje funne oppskrift på det enda.

Eg søkte på Internett etter grove rundstykker, men vart litt overraska over at der var so få.

Her er oppskrifta eg brukte:

Ingredienser:

  • 1 l melk (gjerne sur eller skummet)
  • 9 ss olje
  • 50 g gjær
  • 2 ts salt
  • 3 ss sukker
  • 1 dl solsikkekjerner (kan sløyfes)
  • 200 g havregryn
  • 300 g sammalt hvete grov/fin
  • 800 g hvetemel
  • egg eller melk til pensling
  • sesam- eller valmuefrø eller solsikkekjerner til dryss

1. Varm melk og olje til det er lunkent og rør ut gjæra. Rør inn resten av ingrediensane til ei blank og smidig deig. Dekk til med plast og la deigen heve på eit lunt sted i ca 1 time.
2. Elt deiga og del i ca 30 emner. Form til runde bollar og legg på eit bakepapirkledt steikebrett. Dekk til og la rundstykkene etterheve i ca. 30 min. Varm ovnen til 225°C.
3. Pensle med egg eller melk og dryss med frø. Steik på midterste rille i varm ovn, 225°C i ca. 15 min. Avkjøl på rist.

Eg laga 24 rundstykker sidan eg likar dei litt større. Deiga vart litt for klissete so eg hadde i litt ekstra havregryn og hvete. I tillegg hadde eg ikkje solsikkekjerner. Eg trur solsikkekjernane hadde gjort rundtstykka ekstra gode 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *