Film og heimelaga pizza

30. mai, 2010

I kveld fekk vi besøk av Sara og Bernt :)

Oppskrift på heimelaga pizza kjem etterkvart:) Det er oppskrifta til far min eg brukar. Den er veldig god!!:)

Menn som stirrer på geiter. Foto: filmweb.no

Menn som stirrer på geiter Foto: filmweb.no

Vi såg filmen Menn som stirrer på geiter. Den var ganske bra. Litt spesiell, hehe.

Den handlar om ein journalist som på nyheitsjakt snublar over eit militært eksperiment. Ei hemmeleg avdeling i det amerikanske forsvaret har funne på noko som skal fungere bedre enn å bruke vanlege våpen under krig, nemleg psykisk krigføring! Les meir om filmen på filmweb.no.

Lukta av sommar:)

28. mai, 2010

På vei ned til praksisplassen min kjente eg ein sommarfølelse :) Det var lukta av nyklipt plen og sola som skein.

Eplelappar

27. mai, 2010

Eplelapper

I kveld laga eg eplelappar. Eg fekk so lyst på sjokolade og fann oppskrifta i ei sjokoladebok. Eg ville vere litt sunn so eg kutta litt ned på sukker og hadde i havregryn og sammalt mel. Vidar syns lappane var veldig gode, medan eg syns det vart ein litt for rar kjedeleg smak.

Bryllaupsreise – planlegging

23. mai, 2010

Eg såg på Ungkaren her ein dag og då la eg merke til kor fin og romantisk øya dei var på er. Namnet på den var St Lucia. Eg sjekka opp kva prisen er for å reise dit og det varierte visst ein del. Det billigaste er kanskje akkurat slik at det kan gå :) Eg har tenkt at kanskje det beste hadde vore å berre ta ei rimeleg bryllaupsreise, til Island eller noko sånt, slik vi kunne bruke pengane til hus og heim, men det hadde vore kjekt å ha reist på ein tur til varmare strøk :) Sand og fin tropisk natur…

Holly og Kira leikar:)

23. mai, 2010

Holly og Kira (husegiaren sin hund) har det kjekt saman. Kira leikebiter ein del, forhåpentlegvis sluttar ho med det snart. Ho er berre 12 veker gamal, so det er sikkert berre ei valpefakte.

Kira og Holly

Holly og Kira

Kira og Holly

Kira og Holly

Holly og Kira

Kira og Holly

Holly og Kira

I Oslo

17. mai, 2010

Dei siste dagane har eg vore i Oslo på besøk hos Solveig :)

Vidar og Bernt skulle til Tønsberg, so eg sat på ned til Oslo. Mesteparten av køyreturen sov eg. Eg har eit veldig godt sovehjerte, litt for godt kanskje…Holly vart passa av foreldra has Vidar dinne longhelga.

Eg kom til Oslo torsdag kl. 17. Då vart det rett bort på ein kinarestaurant for å ete middag saman med Solveig, mamma og pappa. Foreldra våre besøkte også Solveig dinne longhelga. Etter middagen for dei på ballett ved Operaen, medan eg for heim til Solveig.

Fredag gjekk med til å sove, sjå film, ete lunsj, shoppe litt og slappe av. På kvelden laga pappa og Solveig entrecote til middag, nam!

Laurdag for vi ned på Oslo City og shoppa. Eg fann meg dessverre ikkje sko eller veske. Eg og Solveig åt ein god kyllingsalat m/ baguett til lunsj:) Vi for ein tur bort på Operaen slik at eg også fekk sette Opera-bygget. Det var fin arkitektur, men eg syns taket kanskje var litt risikabelt bygt. Ein må vertfall ha augane opne for kor ein går og ikkje gløyme seg bort i praten. Til middag i dag kjøpte pappa inn pølse, poteter, gulrot og rabbe. Det er nesten favorittmiddagen has! Hehe. Eg og Solveig er også veldig glad i det, men mamma er ikkje spesielt begeistra for pølse. Kvelden vart for min del tilbragt i senga sidan resten av familia såg ein film på tv som eg ikkje ville sjå. Solveig kom å vekte meg rundt 24.30. Då sto eg opp og vi såg ein film og las Fantomet! Fyren Solveig delar leiligheit med har visst monge gamle Fantomet-blad. Eg har lest dei før, men det er lenge lenge sidan. Vi gjekk å la oss rundt 04.

Søndag formiddag/ettermiddag sat eg og Solveig inne. Vi møtte foreldra våre rundt kl. 20 for å gå ut å ete middag og enda opp på ein restaurant ved sidan av flybusstoppet på Majordstua. Eg og Solveig bestilte oss Club Sandwitch. Sidan det ikkje stod chips, potetbåtar e.l. funderte eg over om det fylgte med. På resten av menyen stod det heller ikkje den type tilbehør so eg kom fram til at det måtte fylge med. Men det gjor det altso ikkje! Maten var god den, men eg ville ikkje kalla det Club Sandwitch. Brødet var vanleg brødskive skjert i ein firkant, lagt lagvis med diverse salat og grønsaker og med bacon heilt på toppen. Det var heldigvis gode smakar…. På kvelden for eg og Solveig ut på byen. Uteplassen var berre 5 minutt frå der Solveig bor, so det var veldig greit :) Vi dansa og hadde det artig. Det vi fann ganske underleg var at alle folka begynte å gå ein halv time før stengetid. So det vart tomt på dansegolvet siste halvtimen. Det var litt kjedeleg syns vi.

Mandag (17.mai) kom eg og Solveig oss ned til Oslo S kl. 12.55 for å møte foreldra våre. Vidar kom å henta meg kl. 13.40, so eg rakk å ete ein god baguett til frukost. Turen heim brukte eg til å sove og prøve å kome på ein slags mini-fortelling for ein animasjonside, men eg har ganske so liten fantasi og humor kom eg fram til. Eg vurderar å kanskje studere 3D design og animasjon, men sidan eg har lite med humor og fantasi veit eg ikkje heilt om det blir det rette studiet. Teknisk design er kanskje bedre å satse på for meg, men animasjon hadde vore artig å lært seg da og ein får eg også ei breiare fagleg dybde ved å gå det:)

I går og i dag

11. mai, 2010

Dei to siste dagane har vore veldig kjekke og lærerike :)

I dag jobba eg på Informasjonskontoret. Eg har sett på nettsida til høgskulen og kom med forslag til nokre forbedringar. Etterkvart begynte eg og Eirik (vevdesignaren) å forandre på nyheitsarkiv-funksjonen. Den trengte ein del endringar. Sidan eg ikkje har noko erfaring med PHP og MySQL sat vi saman å arbeida med den oppgåva. Eirik forklarte litt underveis og eg spurte om det var noko eg lurte på. Eg lærte ein del og fekk svar på noko av det eg har lurt på ei stund når det gjeld oppsett av og henting av informasjon inn i ei side :) Dessverre vart vi ikkje ferdige med nyheitsarkiv-funksjonen før eg skulle ta bussen heim, kanskje vi kan fortsette i morga. Dinne typen arbeid er slikt eg kan site å fikle med heile dagar og til eg er ferdig/har fått det til.

I går var det nokre kunstverk som skulle fotograferast på det nye bygget ved høgskulen. Sidan eg ikkje hadde noko å gjere på IT-avdelinga blei eg med Eirik og hjalp han å bere stativet. Eg lærte om bruk av manuelle innstillingar og fekk prøve å fotografere med stativ:) Det var kjekt å få prøve og lære noko nytt. Eg har lest litt om manuell bruk av digitalkamera tidlegare, men sidan eg ikkje har prøvd det ut har eg gløymt det meste om det.

På kafè

8. mai, 2010

I kveld enda eg opp med å fare på kafè at med Rose og Helen :) Eg kjøpte meg eit sjokoladekakestykke m/jordbærsaus til og ein kaffe, mmm:) Kakestykke var litt lite i forhold til prisen syns vi, 45 kr kosta det.

Eg hadde sett for meg ein kjedeleg laurdagskveld aleine, ingenting kjekt på TV, men heldigvis skulle Rose og Helen ein tur til vik. Eg måtte låne bilen til foreldra mine sidan Vidar var vekkreist. Han spelte NM i bowling dinne helga. Uheldigvis havna han på 65.plass. Det var berre 65 som kom vidare. Han hadde ikkje fått trent bowling på lenge sidan han har jobba mykje overtid.

Ved kaffeautomaten

7. mai, 2010

Då eg henta meg ein Espresso choch på lunsjrommet i dag tidleg kom det inn to damer. Eine dama stilte seg bak meg i kø og sa: Den er eigentleg til tilsette, ikkje studentar. Eg sa at eg er praksiskandidat. Dama svarte at vi lærarar betalar for å få bruke den. Og slik eg forsto det meinte ho visst at eg er ikkje har rett til å bruke kaffeautomaten når eg har praksisplass her.

Det er da litt rart at ho kommenterte at den er berre til tilsette, korleis kan ho vete om eg ikkje er tilsett? Ser eg ut som ein student, ikkje tilsett? Er det forskjell på utsjåanden til ein tilsett og ein student?

Jobbintervju og shopping

7. mai, 2010

Eg var på jobbintervju i dag. Det gjald ei stilling innan teknisk drift av applikasjonslaget på ERP-system.

Intervjuet gjekk sann passe bra. Eg vart spurt ganske få spørsmål. Mesteparten av intervjuet gjekk med på at eine intervjuaren forklarte kva jobben ville gå ut på. Det er fire personar som har vore innkalt på intervju og vi får tilbakemelding neste veke. (Oppdatering: Etter ei god del veke fekk eg mail om at eg ville høyre frå dei etter sommarferien dersom eg fortsatt er interessert. )

Etter intervjuet for eg på shopping. På Airport kjøpte eg meg: ei kvit long skjorte, ein vanleg svart singlet, ein svart kjole med kvite prikkar (er litt spesiell, kan hende den blir brukt) og ein svart genser. Eg for innom Traktøren (kjøkkenutstyrbutikk) og der var det mykje eg kunne tenke meg, men eg endte opp med å kjøpe to kjøkkenhanddukar (ein svart med kvite avlonge “rundingar” og ein med sterke mørkegrønn farge) som kjem skal sprite opp kjøkkenet litt. I tillegg kjøpte eg ei ispinneboks slik eg kan lage ispinnar heime og ei turkis barnekjevle som kan brukast til å kjevle ut pizzadeiga når den har komt opp på steikebrettet. Eg hadde visst ei barnekjevle i tre frå før av, men det får so vere (den har eg frå då eg var lita).

Kjole

Kjole frå Airport

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy