Jobbintervju

I dag var eg på jobbintervju. Eg syns det gjekk bra. Intervjuarane (2 stk) var hyggelege og humoristiske so det var berre kjekt å vere der:) Eg vart spurt litt andre spørsmål enn eg har vore vant med å få på intervju, men eg trur eg svarte bra på dei.

Hovudintervjuaren nemnte at eg mangla nokre kvalifikasjonar for å nå heilt opp til å utfylle arbeidsoppgåvane stillinga har, men eg fekk ikkje vete kva han sikta til. Eg håper det ikkje gjer so mykje og at utdanninga, interesse og læreevna mi teller meir:) Dei fekk ikkje so monge søkjarar som dei hadde håpt på, so det er muleg dei utlysar stillinga igjen slik at dei har fleire kandidatar som kan samanliknast. Svaret skulle eg få innan nokre dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *