Første praksisdag
I dag var min første praksisdag. Eg skal vere på IT-avdelinga man-ons og på Informasjonskontoret tors-fre i starten. Om dei treng meg på eine plassen kan eg vere der litt meir. Etterkvart skal eg sjå ann kva som interesserar meg mest å jobbe med og kva eg får mest nytta av å ha på CV-en i forhold til jobbsøking. Eg trur dette blir ei veldig interessant periode:) Dei ansatte der virkar som dei gjerne vil lære vekk og få hjelp til å få unnagjort oppgåver.
Vidar er på prøvetur med båten dei har holdt på med på jobben. Han for på laurdag og det var uvisst kor lenge prøveturen tok. I dag sa Vidar at han ikkje kjem heim før onsdag og mulegens blir det ikkje før på fredag. Litt kjipt det da:/ Eg hadde håpt at vi kunne fare på kino på torsdag og sjå Alice i Eventyrland (det var det eg forslo skulle vere bursdagsgåva mi).




