24. april, 2010
I dag feira eg bursdagen min!
Far min, Martin (lisjebroren has Vidar) og foreldra has kom på kaffe og kake. Faren til Vidar hadde laga kake:)

Vidar, Linda, Bjørn og Ottar Arne
På kvelden hadde eg bursdagsfors. Til mat serverte eg grandis og pølse m/brød utover kvelden:)

Vidar og Bernt

Elisbet og Jon Arne:)

Vidar og Holly

Tom Andre og Rose

Sara og eg:)
Vi for ut på Skibet etter eit veldig kjekt fors:)
Etter Skibet for vi bort på Napoli og åt rollekebab. Eg kjøpte også ein pommfri også sidan eg syns rollekebab manglar ein eller anna smak. Dinne gongen var rollekebaben veldig god, men eg vart litt betenksom når eg såg på kjøttet. Kjøttet var ikkje brunfarga, det var lyst. Kanskje brukar dei svin eller kyllingkjøtt? Tidlegare har dei hatt brunt kjøtt. Det positive var vel at maten vart sunnare med lyst kjøtt:)
Eg hadde ein super dag!:)
21. april, 2010
I dag var eg på jobbintervju. Eg syns det gjekk bra. Intervjuarane (2 stk) var hyggelege og humoristiske so det var berre kjekt å vere der:) Eg vart spurt litt andre spørsmål enn eg har vore vant med å få på intervju, men eg trur eg svarte bra på dei.
Hovudintervjuaren nemnte at eg mangla nokre kvalifikasjonar for å nå heilt opp til å utfylle arbeidsoppgåvane stillinga har, men eg fekk ikkje vete kva han sikta til. Eg håper det ikkje gjer so mykje og at utdanninga, interesse og læreevna mi teller meir:) Dei fekk ikkje so monge søkjarar som dei hadde håpt på, so det er muleg dei utlysar stillinga igjen slik at dei har fleire kandidatar som kan samanliknast. Svaret skulle eg få innan nokre dagar.
19. april, 2010
I dag var min første praksisdag. Eg skal vere på IT-avdelinga man-ons og på Informasjonskontoret tors-fre i starten. Om dei treng meg på eine plassen kan eg vere der litt meir. Etterkvart skal eg sjå ann kva som interesserar meg mest å jobbe med og kva eg får mest nytta av å ha på CV-en i forhold til jobbsøking. Eg trur dette blir ei veldig interessant periode:) Dei ansatte der virkar som dei gjerne vil lære vekk og få hjelp til å få unnagjort oppgåver.
Vidar er på prøvetur med båten dei har holdt på med på jobben. Han for på laurdag og det var uvisst kor lenge prøveturen tok. I dag sa Vidar at han ikkje kjem heim før onsdag og mulegens blir det ikkje før på fredag. Litt kjipt det da:/ Eg hadde håpt at vi kunne fare på kino på torsdag og sjå Alice i Eventyrland (det var det eg forslo skulle vere bursdagsgåva mi).
18. april, 2010
Då har eg endeleg sett Twilight New Moon! Hadde lyst å sjå den på kino, men fekk ikkje tid då den kom ut og etter det har eg ikkje hatt nokon å sett den saman med. I kveld satte eg meg ned med pcen og såg filmen medan eg kosa meg med ei cider og potetgull.

Foto: filmguiden.no
Filmen var veldig bra syns eg:) Les om filmen på filmguiden.no.
15. april, 2010
Då har eg fått tilbud om praksisplass i IT-avdelinga og Informasjonskontoret på ein høgskule:) Det tek 1 time med buss dit, so reisetida er ikkje spesiell fristande. Men arbeidserfaringa blir sikker veldig bra å få!
Eg skal begynne på mandag og blir der ut juni. Deretter blir det kanskje mulegheit for sommarjobb.
Eg var på høgskulen på fredag for å høyre om mulegheita for ein praksisplass og dei ansatte ved IT-avdelinga og Informasjonskontoret virka interesserte i å ha meg der i praksis:) Eg vart vist rundt på arbeidsplassen deira og fekk informasjon om kva dei gjer på. Folka virka veldig hyggelege og med eit uformelt arbeidsmiljøet:)
Det er både positivt for dei og meg å vere der. Eg får erfaring og dei får ein ekstra person som kan hjelpe til i avdelinga.
Den eine eg snakka med skulle høyr med sjefen om eg kunne få praksisplass og so skulle han ringe for å gi beskjed om eg fekk praksisplass, men eg ringte dit i dag sidan eg ikkje hadde høyrt noko. Dei hadde snakka saman og ville gjerne ha meg der
Eg kjem til å vere litt hos begge avdeling, alt etter kor mykje arbeid dei har, og etterkvart blir det å sjå om eg trivast best med det eine eller om eg forsatt likar begge deler like godt:)
Ditte blir SPENNANDE:)
12. april, 2010
I går og i dag såg eg to filmar:) Eg syns overnaturlege/eventyrfilmar er kjekt å sjå på, so lenge det ikkje blir for monge med lik handlingar.
I går såg eg Pandorum. Etter å ha sett Pandorum var eg ute etter ein film med meir eventyrhistorie. Seinare på kvelden følte eg at eg kanskje hadde sett Pandorum før, men sidan den var frå 2009, trur eg ikkje det. Solveig ringte og tipsa meg om ei side der ein kan sjå filmar direkte og om filmen Justin Time. Kvaliteten var ikkje spesiell bra, men det gjekk heilt greit å sjå.
I dag såg eg Midtnight Cronicles og Legion. Filmane var heilt greie.
10. april, 2010
I kveld inviterte eg Tom Andre på film og nachos hos meg.
Det var godt med nachos ja, eg har hatt lyst på det i eit par veke no:)

Foto: filmguiden.no
Filmen vi såg var Dragetreneren
Handlinga går føre seg blandt vikingane og dragar. Hiccup er ein tenåringsviking som ikkje heilt passar inn i stamma sin lange tradisjonen om å drepe dragar.
Hiccup møtar på ein drage og synet på drager blir dermed utfordra.
Filmen er basert på boken til Cressida Cowell.