Pannekake
I dag laga eg pannekake til middag. Vidar jobba ikkje seinvakt so dermed vart det pannekake. Det tek litt tid å lage til pannekake, ca. 1 – 1 1/2 time når eg lagar av 1 l melk. Røra må stå i min 15 minutt. Deretter tar steikinga mellom 45 minutt til 1 time. Av 1 l melk får ein ca. 10-12 pannekaker. Det er nok til eit godt middagsmåltid for meg og Vidar + ein god kveldsmat eller lunsj til ein av oss.
Vi brukar bacon i bitar + sukker eller jordbærsyltetøy som tilbehør på pannekaka. Eit anna alternativ til tilbehør er blåbærsyltetøy. Det er også godt!:)
Har dessverre ikkje noko bilde av pannekakane.
Oppskrifta:
4 egg
1 l melk
1 ts salt
5 dl mjøl
Pisk egga. Hell i halvparten av melka og rør om. Ha saltet oppi og rør om. Ha i mjølet og rør godt. Hell i resten av melka og rør godt. La pannekakerøra stå i min. 15 minutt.
Sett på steikeplata på litt over medium varme (vår står på 6 av 9) og ha på litt smør. La steikepanna bli varm før du startar å steike pannekakane. Hell ei ause med røra i steikepanna og la den steike til røra har stivna. Sjå etter om pannekaka har vorte lysebrun på undersida. Då kan den snuast. Bruk ei steikespade til å snu pannekaka. La pannekaka bli lysebrun på den andre sida også. Når den er ferdig brett pannekaka i to og deretter ein gong til. Legg den oppi ei boks/form med lokk som helde på varmen. Ha på litt smør og steik deretter neste pannekake. Slik er det berre å fortsette til all røra er brukt.
Steik deretter flesket om du vil ha det som tilbehør. Ha litt olje og smør i steikepanna på starten. Steik på litt over middels temperatur heilt i starten og skru deretter ned temperaturen på under middels. La fleske steike til det har fått ein litt fin farge på seg, rundt 8 minutt.
Då eg var lita brukte mor mi å lage pannekakeslått. Eg huskar eg likte dette veldig godt, men vi hadde det ganske sjelden. Det består av pannekake og heimelage pizzafyll lagt lagvis oppå kvarandre med eit lag ost på toppen:) Dette blei satt inn i ovnen til osten smelta. Eit vanlegare alternativ til dette er å legge pizzafyllet på langs i midten av pannekaka, rulle den saman og ha litt ost på toppen.




