Hos Ida

27. mars, 2010

I kveld for eg på fors hos Ida:) Det var eg, Ragnhild, Ida og Elisabet som var der. Det var kjekt:) Etterpå for vi bort på puben og dansa litt. Eg måtte gå heim igjen aleine. Det var litt kjedeleg da sidan det tar 25 minutt. Heldigvis var det opplett!

Ferdig

26. mars, 2010

Då er eg ferdig på jobbklubb:)

Kurset var heilt greit. Eg vart etterkvart ganske so lei av å site å skrive jobbsøknadar heile dagen, so det vart ikkje like effektivt kvar dag. Eg fekk litt ut av kurset da. Det var kjekt å vere litt blandt folk om dagane og blandt folk som var i same situasjon som meg. Kursleiaren var der so eg kunne spør han om tips istaden for at eg sat aleien å måtte gruble fram ei løysning formuleringa i søknadane. I tillegg forandra eg litt på måten eg skreiv dei opne søknadane. Ikkje det at eg trur forskjellen spela noko rolle i forhold til om eg får jobb eller ikkje, men måten skulle visst vere litt meir oppdatert i forhold til å sende søknaden på mail.

Dinne gongen også

24. mars, 2010

Eg fekk dessverre ikkje stillinga eg var på jobbintervju angåande på høgskulen. Det var ei med meir erfaring som fekk den. Eg kom på 2.plass. Det er kjekt å høyre at dei fekk eit godt inntrykk og at eg kom på 2.plass, men det er ikkje til mykje hjelp når eg ikkje får jobb. Eg kunne bli tilbudd stillinga dersom ho som fekk tilbudet takkar nei, men det trur eg nok ikkje vil skje slik arbeidsmarkanden er i dag: Få stillingar og monge søkarar.

Dei eg var på intervju hos syns det er litt dumt at eg ikkje får nokon jobb når eg manglar erfaring, men dei valte den personen med meir erfaring. Eg tenkar at det sei seg sjølv at omtrent alle vil ansatte ein person med erfaring framfor ein utan erfaring, men det hadde vore kjekt om nokon ville ansatte oss som ikkje har erfaring også…Kor long tid vil det gå før eg får oppleve det og det i ei fast stilling?

No sit eg å skal skrive søknadar og opne søknadar, men eg har ikkje spesielt lyst til det. Er lei, men eg må berre motivere meg til å sende ut søknadar. Utan det kjem eg ingen vei.

Praksisplass

22. mars, 2010

Eg driv å levere opne søknadar til bedrifte eg kan tenke meg å jobbe hos. Nokre av plassane spør eg også om mulegheita for praksisplass dersom dei ikkje har ei stilling til meg. Hotellet hadde ingen ledige stillingar og ingen praksisplass som var rette heilt mot det eg har utdanning innan. Eg fekk spørsmål om eg kunne tenkte meg å kome på eit møte angåande ein prakisplass i resepsjonen på hotellet. Det ville eg.

På møtet fortalte leiaren av resepsjonen mykje informasjon om hotellet og kva ein gjer i resepsjonen. Etter eg hadde fortalt litt om meg sjølv og ho hadde spurt meg eit par spørsmål fekk eg tilbod om praksisplass i resepsjonen. Eg fekk bli med å sjå litt i resepsjonen og sjå korleis dei arbeida. Etter ei stund for eg heim. Eg skulle ringe over helga for å sei om eg ville ha praksisplassen. Det at der er tidlegvakt og seinvakt gjer at arbeidstidane ikkje er so veldig attraktive når eg får berre tiltaksstønad frå Nav og praksisplassen kan vare opp til eit halvt år utan å ende med ein fast jobb. I tillegg må eg ha bilen sidan det ikkje går buss. Dermed får ikkje samboaren min bruke den og dermed blir han mindre fleksibel i jobben han har med tanke på at han må rekke bussen heim.

Eg har snakka med Nav angåande kor mykje “lønn” eg får dersom eg tar dinne praksisplassen. Det burde kanskje vere forrskjell på kva lønn ein får på ein praksisplass ut i frå arbeidstidane, men det er det altso ikkje. Eg får berre vanleg tiltaksstønad på 300 kr + den økonomiske stønaden (med tiltaksstønaden i trekk). Eg har fortsatt ikkje rett på dagpengar, so då er det berre den “lønna” eg får. Sidan praksisplassen ikkje er heilt den rette i forhold til utdanninga mi, men eg får arbeidserfaring og erfaring innan kundeservice får eg tenke litt meir på det, men det hadde vore kjekt å få erfaringa.

Oppdatering: Eg takka nei til dinne praksisplassen sidan eg helst ville ha ein meir relevant prakisplass i forhold til utdanninga mi.

Film og lasagne:)

21. mars, 2010

I kveld kosa eg og Vidar oss med lasagne og filmen Shutter Island. Vi åt opp heile lasagneforma, som regel brukar vi å ha igjen restar. Det var so godt og begge var veldig svolte. Filmen var passe bra, men vi forsto ikkje slutten.

Shutter Island

Foto: filmguiden.no

Les om filmen her!

Pannekake

19. mars, 2010

I dag laga eg pannekake til middag. Vidar jobba ikkje seinvakt so dermed vart det pannekake. Det tek litt tid å lage til pannekake, ca. 1 – 1 1/2 time når eg lagar av 1 l melk. Røra må stå i min 15 minutt. Deretter tar steikinga mellom 45 minutt til 1 time.  Av 1 l melk får ein ca. 10-12 pannekaker. Det er nok til eit godt middagsmåltid for meg og Vidar + ein god kveldsmat eller lunsj til ein av oss.

Vi brukar bacon i bitar + sukker eller jordbærsyltetøy som tilbehør på pannekaka. Eit anna alternativ til tilbehør er blåbærsyltetøy. Det er også godt!:)

Har dessverre ikkje noko bilde av pannekakane.

Oppskrifta:

4 egg

1 l melk

1 ts salt

5 dl mjøl

Pisk egga. Hell i halvparten av melka og rør om. Ha saltet oppi og rør om.  Ha i mjølet og rør godt.  Hell i resten av melka og rør godt.  La pannekakerøra stå i min. 15 minutt.

Sett på steikeplata på litt over medium varme (vår står på 6 av 9) og ha på litt smør.  La steikepanna bli varm før du startar å steike pannekakane. Hell ei ause med røra i steikepanna og la den steike til røra har stivna. Sjå etter om pannekaka har vorte lysebrun på undersida. Då kan den snuast. Bruk ei steikespade til å snu pannekaka. La pannekaka bli lysebrun på den andre sida også. Når den er ferdig brett pannekaka i to og deretter ein gong til. Legg den oppi ei boks/form med lokk som helde på varmen. Ha på litt smør og steik deretter neste pannekake. Slik er det berre å fortsette til all røra er brukt.

Steik deretter flesket om du vil ha det som tilbehør. Ha litt olje og smør i steikepanna på starten. Steik på litt over middels temperatur heilt i starten og skru deretter ned temperaturen på under middels. La fleske steike til det har fått ein litt fin farge på seg, rundt 8 minutt.

Då eg var lita brukte mor mi å lage pannekakeslått. Eg huskar eg likte dette veldig godt, men vi hadde det ganske sjelden. Det består av pannekake og heimelage pizzafyll lagt lagvis oppå kvarandre med eit lag ost på toppen:) Dette blei satt inn i ovnen til osten smelta. Eit vanlegare alternativ til dette er å legge pizzafyllet på langs i midten av pannekaka, rulle den saman og ha litt ost på toppen.

Jobbintervju og på besøk hos Rose

17. mars, 2010

Eg var innom dyrebutikken for å levere nokre ancistrusa før eg for avgårde til jobbintervjuet. Eg køyrte til jobbintervjuet og sidan eg aldri har køyrt den veien vart eg ganske sliten av å måtte finne fram, men eg rakk vertfall intervjuet:)

Intervjuet gjekk sann passe bra trur eg. Dei var tre personar som var tilstade under intervjuet. Ei var hovudintervjuaren, medan dei to andre skulle vere med for å observere og spør spørsmål dersom dei lurte på noko. Det vart eit hyggeleg og uformelt intervju. Dei syns utdanninga mi virka veldig interessant. Eg fekk spørsmål om kva utdanninga mi går ut på og om den er relevant i forhold til stillinga. Det er alltid litt vanskeleg å svare på kva utdanninga mi går ut på sidan den er so brei fagmessig. Det er ikkje lett å huske på alt, men hovudtrekka fekk eg fortalt om. No får eg berre vente i spenning og håpe.

Etter intervjuet for eg på Moa for å møte Rose. Vi bestemte oss for å fare på Peppes og ete pizza:) Pepperonipizza m/annanas er alltid eit bra val, so eg haldt meg til den i dag også. Rose bestilte pizza med biffkjøtt, kylling, paprika og rødløk. Den smakte også godt! Eg hadde mykje rømmedressing på stykket eg fekk av ho og då er vel dei fleste pizza gode, hehe. Vi for bort til Rose etter ein snartur innom Kremmerhuset. Rose og typen bor i ei leiligheit eit par minutt frå Amfisenteret. Der drakk vi te og skravla litt før eg måtte fare heim til Holly.

Filmkveld hos Elisabet

16. mars, 2010

Eg og Ragnhild var invitert på filmkveld hos Elisabet i kveld:) Vi møttast på Mix for å leie film og kjøpe snop. Eg for innom Coop Prix først for å handle Minigulrot og dipp:) På Mix fann eg ut at eg ville ha hamburgermeny. Det er so godt. Den vart omtrent lunka før eg fekk begynde å ete den, men godt var det:)

Orphan

Foto: filmguiden.no

Filmen vi såg heitte Orphan. Det er ein drama/grøsser/thriller som handlar om eit ektepar som prøvar å få orden på livet etter at dei mista den eine av tre ungar. Dei blir fosterforeldre for ei foreldrelaus jentes som viser seg å ikkje vere heilt normal. Mora forstår at det er noko som ikkje stemmer, men faren meinar det er ho det er noko gale med.

Filmen var heilt grei. Det var først den siste halvtimen det skjedde noko, so litt langdryg var den. Det sto på filmcoveret at den hadde ein alternativ slutt, men kan vel ikkje akkurat kalle den det.

Shopping

11. mars, 2010

Medan Holly var hos dyrlegen skulle eg levere nokre opne søknandar og eg tok også turen innom Jernia sidan vi trenge ei salat/potetgullskål. Hittil har vi brukt vanlege bakebollar til å ha salaten i, men det er ikkje so kjekt å servere salat i dei bollane.

Der var mykje anna eg kunne tenkt å kjøpe, men pga plassmangel i kjøkkenskapa måtte eg begrense meg. Eg kjøpte nokre serviettar (er ein liten samlar, kjekt med litt forskjellege serviettar), skål, morter, ovnpanne, dørslag, grønnsakskrubbehanskar:)

Skål, grønsakskubbehanskar, ovnpanne, dørslag

Mortel

Hos dyrelegen

10. mars, 2010

I dag var eg hos dyrelegen med Holly kl. 14.20. Det var på tide med ny vaksine og tannsteinfjerning. Dyrelegen tok å klipte klørne også, so sleppe eg å kave med det. Det kosta no litt, men kan ha litt luksus ein gong i året, hehe.

Holly har ikkje gått noko særleg enda etter ho vokna , men trur ho klarar å gå greit no. Det er ganske glatt på gulvet so ho kava litt når ho prøvde å bevege seg tidlegare i dag.

Eg kjøpte meir for i dag. Dinne gongen gjekk eg for Specific Allergy Management Pluss. Då får ho i seg litt meir olje, so kanskje kan hjelpe mot røytinga hinna.

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy