Lampe på soverommet:)

27. februar, 2010

Lampe på soveromet vårt

Då har vi endeleg fått lys i taket på soverommet. Vi kunne ikkje henge ein lampeskjerm der sidan lampefestet er over garderobeskapet, men ledninga var festa vidare til over senga. Dermed kom eg med den smarte ideen å berre henge ei lyspære i ledningane. Vi har allereide den løsninga på boda og for tida er det faktisk IN med lyspære utan lampeskjerm:)

Eg er ikkje noko glad i brunfargen på ledninga, men får vel overleve. Tanken var å kanskje ha svart tape rundt den? Vi har ikkje planar om å bruke masse tid og pengar på å forbedre leiligheita interiørmessig, dermed tar vi i bruk veldig enkle løysingar og håper det blir sjåande passe greit ut:)

Det tok altso omtrent 10 mnd før vi fekk lys i taket.

Her er lampa på boda:

Lampe på boda

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy