8-årsdagen vår

23. februar, 2010

Kort Kort

I dag har eg og Vidar vore ilag i 8 år. Tida går fort ja.

Vi gir som regel ikkje gåve til kvarandre, men eg syns det er kjekt å lage kort so Vidar får det kvart år:) I år fekk eg ikkje kort av Vidar sidan han jobba overtid. Eg syns han kunne ha fiksa det dagen før da, men kan vere han ikkje huska at vi hadde dag. Det hadde også vore kjekt å fått nokre rose eller ei plante……Han har brukt å kjøpt det dei fleste åra hittil.

Vi feira med å fare på kafèrestaurant. Begge var svoltne so eg kjøpte meg ein kebab m/chips ved sida av og Vidar kjøpte seg Chow Chow Pizza. Vi vart begge godt mette av middagen. Etterpå fekk vi servert gratis iskuler (3 stk) :) Det var litt koseleg da og isen vart spist opp.

Planen var å sjå film etter vi hadde ete, men sidan Vidar jobba overtid i dag hadde han ikkje klart å halde seg våken og dermed tek vi film og brownies ein anna kveld.

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy