Kjøttkaker i brun saus

11. februar, 2010

Kjøttkake

I dag hadde vi heimelaga kjøttkake til middag.

Kjøttkaker:

750 g kjøttdeig

1 1/2 ts salt

3 krm pepar

1 1/2 krm ingefær

1 1/2 krm muskat

3 ss potetmjøl

3 dl lettmjelk

Brun saus:

2 ss mjuk margarin

4 ss kveitemjøl

6 dl vatn

2 kjøtbuljongar

1 krm pepar

.

1. Start med sausen. La margarinen bli lysbrun i ei gryte, tilsett kveitemjøl og rør til det blir nøttebrunt.

2. Ta gryta av plata og tilsett ca. halvparten av vatnet. Rør godt. Tilsett resten av vatnet og buljonterningane. Gi sausen eit oppkok og smak til med pepar.

3. Rør kjøttdeiga godt saman med salt, krydder og potetmjøl.

4. Tilset mjølka, litt om gongen, rør godt mellom kvar gong.

Sett på vatn til poteter/gulrot/rabbe (kålrot) no om du skal ha det til middagen. Ha poteter/gulrot/rabbe oppi vatnen slik du slepp det når du begynner å lage til kjøttkakane.

5. Ta litt kjøttfarsa i eine handa di (eller ei skei) og form med begge henda til kjøttfarsa er ei rund kake.

6. Steik kjøttkakane pent brune på kvar side og legg dei over i sausen.

7. La kjøttkakane trekke i sausen i 10-15 minutt til dei er gjennonkokte.

Server med poteter, gulrot, rabbe (kålrot) og tyttebærsylte :) Ertestuing (om du liker det) er også godt til.

……………………………………………………………………………………….

Oppskrifta eg brukar er frå boka “Frå bollar til burritos” som vi hadde i Heimkunnskap på ungdomskulen:) Der er igrunnen monge gode og greie oppskrifter i den:)

I dag laga eg heimelaga kjøttkaker istaden for å kjøpe Gilde kjøttkaker. Eg syns Gilde kjøttkaker er veldig gode og prisen blir vel omtrent den same og veid opp i tida ein brukar på å lage heimelaga kjøttkaker. Det eg har tenkt på er å lage av 750 g kjøttdeig * 2 (som er billigare enn 400 g-pakkane) ein dag eg har god tid. Då kan eg fryse det ned og det blir ca. 4-5 måltid for 2 personar ut av det:) Eg vil tru det er litt sunnare med heimelaga kjøttkaker også!

Ein kommentar til “Kjøttkaker i brun saus”

  1. [...] Eg tok ikkje bilde sjølv, so her er eit frå matprat.no. Oppskrifta eg brukar på heimelaga kjøttkaker finn du her. [...]

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy