Gjort klar symaskina!

1. februar, 2010


Symaskina mi:)

Foto: no.bernina.com

Då er det klart til å sette seg ned å sy på altmulegrommet. Eg har hala det ut dei siste mnd sidan eg måtte sette meg inn igjen i korleis ein trer symaskina og lagar til undertråd +++. Eine unnskyldinga mi var at eg måtte rydde der inne, hehe. No er det ganske rydding, men treng ei hylle å sette frå meg alle boksane og stoffa (litt for lite plass på skrivepulten til alt “rotet”).

Eg klarte å ødelegge nåla ved eit forsøk på å få av friarmsbrettet som gjer “syområdet” større. Eg såg på bruksanvisninga etterpå og eg følgte den sånn ca, men det eg gjorde feil veit eg ikkje heilt korleis eg skulle ha unngått, so trur eg prøvar dette ut utan nåla neste gong! Heldigvis har eg eit par ekstra næle.

Eg klarte ikkje å finne ut kva eg skal starte å lage, men eg tippar eg lagar nokre posar til strikketøy og oppbevaring av småting. Det virkar som eit greit førsteprosjekt å starte med. Det er 5 år sidan eg sist brukte ei symaskin so det tar sikkert litt tid før eg er komfortabel med å bruke den, hehe. Eg skal etterkvart sy puter med glidelås og det blir interessant, sidan eg berre har sydd på ein glidelås, men reknar med det skal gå bra:)

Start på første prosjektet i morga og håper på det beste :) Dessverre manglar eg band til å lukke posane med og når eg kjem meg på ein garnbutikken veit eg ikkje, so prosjektet vil sikkert ta litt tid:/ Kanskje eg kan bruke nokre av banda eg har til kortlaging? Hmm:)

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy