18. februar, 2010

Eg har prøvd ut asparges som tilbehør til forskjellege rettar. Konklusjonen min er at det passar til det meste:)
Her ville eg ha droppa salaten sidan asparges fungerte fint aleine. Det var også litt innvikla å ete Ruccolasalaten.
Oppskrifta har eg skrive i gamlebloggen, men kan skrive den her også:) :
Ingredienser:
Laksefilet
Salt
Pepper
Potete
Havsalt
1 stort kvitløksfedd
Santa Maria Chiliflak
Salat
Rømme
Sursøt chilisaus
Kor mykje laks ein et varierar ut i frå tilbehør, men ca 150-300 gram laks per pers (1-2 laksefiletar). Antall potet er ca. 2 per pers.
Om det blir litt til overs gjer det ingenting sidan det er veldig godt å ete til kvelds eller lunsj dagen etterpå:)
Framgangsmåte:
Sett ovnen på 220 grader.
Dersom du vil marinere laksen i sursøt chilisaus kan du tørke litt av laksebitane og legge dei i ein pose med litt sursøt chilisaus. Beveg litt på innholdet so det blandar seg litt. Dersom du vil ha sursøt chilisaus som tilbehør til måltidet treng du ikkje å tenke på det enda.
Smør litt olje i ei ildfast form eller steikebrett. Vask potetane og skjer opp i potetbåtar. Legg potetbåtane opp i forma og strå over litt pepper, ein del havsalt (havsalt er litt store bitar salt som gir veldig god smak), hakka kvitløk og chiliflak. Vend litt og flytt på potetbåtane slik dei får litt av oljen på seg. Du kan også velge å ha potetbåtane i ein bolle og helle på krydder og olje der slik at det blir meir blanda og deretter legge det på forma.
Sett forma midt i ovnen og steik i ca. 25 minutt. Vend potetbåtane kvart 10 minutt ca og hell litt olje over slik at potetbåtane ikkje setter seg fast i forma.
Lag til laksen medan potetbåtane blir stekt. Tørk laksen med litt tørkepapir. Legg laksen på ei fjøl eller eit fat og krydr godt med salt og litt peppar, snu laksen og krydr der også. Ovnen skal stå på 200 grader når laksen skal steikast. Du kan legge laksen på same form som potetbåtane når det er 12 minutt igjen av steiketida eller du kan steike ferdig potetbåtane og legge laksen i ei ildfast form og steike den i 12 minutt og deretter varme opp potetbåtane i 3 minutt.
Lag til aspargesen medan laksen blir steikt. Enden på aspargesen kutter du av eller lager ein slags “spiss” slik delen som gjerne er dårleg blir kasta.
Du kan velge å blande sursøt chilisaus i rømmen eller ete det uten rømme.