Kjøkkenet i leiligheita
Her er kjøkkenet i leiligheita vi leiar:
Det er eit heilt greit kjøkken, stilen kan vel kallast litt moderne klassisk? Eg likar best minimalistisk stil, men eg har det fint med dette kjøkkenet.
Det skulle ha vore ei benkeplate til bortanfor ovnen. Litt upraktisk slik det er no, men det fungerar. Det er litt for lite skapplass, men vi overleve. Eg har dessverre ikkje plass til kjøkkenmaskin:/ so eg har noko å glede meg til! Vi hadde fått plass til nokre hylle, skap på kjøkkenet om vi ville, men eg har ikkje lyst å bruke på pengar på noko vi ikkje har bruk for seinare. Vi har ei stor altmulegbod der vi har ting vi ikkje brukar ofte, men den er ganske full. (Der er utallige tome kasser som er lagra til neste gong vi skal flytte).
Eg har lenge hatt lyst å kjøpe ei spisegruppe (bord og 6-8 stolar), men det får vente til vi får oss eit eige hus. Kjøkkenbordet og stolane vi har låner vi av huseigaren vår. Planen var å kjøpe vort eige spisebord eller kjøkkenbord, men det blir for dyrt å kjøpe for å berre vere i bruk i eit par år. Det blir dumt om det ikkje passar neste plassen vi skal bo.








