Servise og bestikk
Eg har smått begynt å tenke på kva service vi skal begynde å samle på. Det er kanskje best å vente til vi har flytta inn i eige hus (slepp å flytte på det), men sidan vi ikkje veit når det kjem til å skje og eg syns det hadde vore kjekt å begynne på samlinga snart har eg leitt litt på Internett etter service eg syns er fine:
Wedgwood Jasper Conran
Wedgwood Platinium
Rosendahl Grand Cru
Thomas Loft Hvit
Rosenthal Tac 02 C-01
Oppdatering januar 2011:
Vi har sett på serviset Porsgrunn Nathalie og syns det er ganske fint. Muleg vi går for det.
Bestikk:
Når det gjeld bestikk har vi allereie begynt å samle på Hardanger Ramona-serien sidan eg fekk eit “24-deler sett” i gåve for lenge sida. So no har vi to 24-deler sett og mykje av det andre også. Det vi manglar er vel nokre dessertskjeier, vi har sånne teskjeier.
Skulle eg ha valt ein bestikk-serie å samle på no trur eg at eg hadde valt Georg Jensen New York




