Scalareegg i akvariet?

16. januar, 2010

Ja, då ser det ut som det har komt scalareegg på eine hjørne i akvariet vårt:) Haha, eg syns det er litt komisk. Først trudde eg at det var små pestsnigla, men det såg liksom ikkje heilt ut som babysnigla. Eg tenkte eg skulle ta vekk “sniglane”, men konsistensen var ikkje akkurat snigleaktig heller. Eg såg at scalaren var mykje bort i hjørnet og eg søkte på Akvaforum for å sjå korleis scalareegg ser ut. Joda, dei likna veldig! Det er da litt spennande. Alltid kjekt med nytt liv i akvariumet. Eg såg at finnane til scalara er ganske so ruskete, so det er sikkert fordi ho har passa på litt ekstra mot den eine store fisken som jaga ho eller omvendt.

Vi får sjå om vi kan få avla opp litt av yngelen, men vil tru at ein del vil havne i filteret eller bli spist opp? Det er heller ikkje plass til meir fisk i akvariumet vårt som er eit 63-liters (i forhold til kva fisken burde ha), so då blir det enten å gi dei til ein kompis av Vidar som har scalare-akvarium eller å kjøpe eit større akvarium? Hmm. Tenke..
OPPDATERING: Scalareegga vart spist opp om natta…

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy