Skitur

14. januar, 2010

I dag for eg, Vidar og Holly på skitur. Vi begynte å gå kl. 17.25 og var tilbake kl. 18.40.

Vidar syns det var litt mykje styr med dinna langlina han hadde Holly i. Måtte passe på so den ikkje for rundt skina sidan Holly stoppa opp for å lukte ein del. Etterkvart gjekk det litt bedre for Holly gjekk litt meir i eit sett.

Vi stoppa for å ta ei lita pause etter 30 minutt. Det var kaldt so vi tok berre eit par bilde og drakk ein kopp kakao:)

Skitur

løypa

Her er so fine turstiar med preparerte skiløype:)

Holly græve etter noko

Holly græv og lurar etterpå om ho har gjort noko gale sidan vi sei ho skal gå vekk derfrå..

Kva gale har eg gjort?

Eg og Vidar:)

Eg og Vidar:)

Holly

På tilbakeveien hadde det berre gått vel 5 minutt før Holly begynte å gå litt saktare, men ho logra og virka glad. Eg såg ho bua litt på kroppen so det var eit eller anna. Ho tok også litt kontakt med meg og ville få litt kos. Dermed måtte det vere noko tenkte eg sidan ho brukar omtrent aldri å ta kontakt når vi går ute (snusar og går fram og tilbake heile tida). Eg sjekka om ho hadde snø under føta med det hadde ikkje no. Dermed prøvde vi å gå litt vidare, men ho var fortsatt veldig kontaktsøkande. Dermed stoppa eg. Eg kjente etter om Holly var varm eller kald (ho hadde på seg dekken). Holly skalv. Det enda med at vi tok skjorta mi over føta til Holly og Vidar bar ho resten av turen (1o minutt kanskje?). Kan kanskje kalle ho litt bortskjemt, men eg trur det vart for kaldt for potane hinna. Ho viste klart fram ved å lufte beina opp frå bakken at dette ville ho ikkje når det var to minutt igjen av turen.

Vel heime såg eg på potane hinna. Det einaste var at dei var kanskje litt våte? Litt oppbløtte rundt på ein måte. Neste gong blir det potesalve eller kanskje potesokka?

Holly begynte å ete på nokre forbitar som låg på stovegolvet etter ei leike. Ho var visst svolta so ho hadde det vertfall bra no, hehe. No ligg ho under pleddet og har det varmt og godt.

Det var godt med bollar og kakao når vi kom heim frå skituren:)

Bollar og kakao

Legg igjen ein kommentar

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy