Scalarefisken i akvariet

11. januar, 2010

Scalarefisken vår

Vi fekk for ca. ein mnd sida ein scalarefisk i akvariumet vårt:) Eg har hatt lyst på ein slik lenge, men sidan den fisken skal helst vere i mykje større akvarium har eg venta med det ønske. Folk har litt forskjellege meiningar om kor stor plass fisk treng. Eg meinar dei skal få det minimume, men denne gongen vart det ikkje slik sidan den vi fekk vart jaga i det forrige akvariumet og akvariumet vårt skulle bli ein midlertidig heim tenkte eg. Vi har hatt plana om å kjøpe eit større akvarium, men det kostar vel rundt 4000-5000 kr for eit 240 ltrs. Dermed har eg ikkje ville ha invistert i eit nytt enda.

Risotto til middag

11. januar, 2010
Risotto

Risotto

I dag laga eg risotto til middag:)
Risottoen tar ca. 20 minutt å lage klar, so er ein ganske grei middag å lage til.
På butikken hadde dei ikkje svinekjøttdeig, dermed vart det familiekjøttdeig istaden.

Ingredienser:
1 Fullkornsris Boil in Bag
1 Familiekjøttdeig (400 g)
Salt (1 krm)
Peppar (1 krm)
Blå drue (ca. ein neve)
Mais (nesten ei boks)
Fersk annanas ( ca. 1/2 liten)

Skjer opp annanas og drue medan du ventar på at vatnet til risen kokar opp.
Steik kjøttdeiga medan risen kokar.
Ha alle ingrediensane oppi ei skål eller form av eit slag.

Eg brukte rømme til, sidan eg syns det gjer det mindre tørt og i tillegg gir det ein ekstra god smak:)
Dersom måltiden skal halde til 3 personar trur eg det er nok å berre tilsette ein boil in bag rispose til og litt meir drue og annanas:)

Kjøkkenbord-hjørnet vårt

Kjøkkenbord-hjørnet vårt (dårleg bilde pga lite lys)

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy