31. januar, 2010
Vi såg filmen 2012 i kveld:) Den var ganske bra.

Foto: filmweb.no
Handlinga startar i 2009 då ei gruppe vitenskapsmenn bekrefter til verdens ledarane at jorda ikkje kjem til å eksistere slik som dei kjennar den. Fram mot 2012 blir det utarbeida ein plan for å redde flest muleg mennesker.

I kveld skar eg opp litt gulrot og rabbe. Som dipp brukte eg kesam og vanleg dippkrydder. Dippen smakte omtrent som når ein brukar rømme. Kaloriane i kesamen innheld berre halvparten av rømma huskar eg rett, so det var kjekt sidan det går med ein del dipp:)
Vidar kosa seg med potetgull, so eg måtte smake litt på det også iløpet av kvelden:)
29. januar, 2010
Det vart litt shopping i dag:)
Eg kjøpte ein del scrappbookingkort-utstyr på bokbutikken:
Oppbevaringsboks:)

Chipboard og bokstavar:)

Chipbord shapes & tags:)

Her er dei oppi ei korg:

Fargerikt innpakkingspapir som kan brukast til kortlaging:

På Best Fashion (Vero Moda) kjøpte eg nokre klesplagg, to øredobbpar og eit smykke:

29. januar, 2010
I dag var eg på jobbintervju! Det gjaldt ei engasjementstilling innan helpdesk (support) frå feb-juni. Intervjuet varte i 1 t 20 min, men det var berre kjekt:) Snakka om litt forskjelleg og stemninga var god og munter:) No er det berre å vente i spenning og håpe på positivt svar:) Får svar i slutten av neste veke….

Etter jobbintervjuet møtte eg tilfeldigvis faren min, so vi åt ein god lunsj på Valaker Bakeri. Moccakaffien var god:)
28. januar, 2010

I dag kjøpte eg ein Bendit mangodelar. Eg har tenkt på å kjøpe det ei god stund og no låg der eit par på butikken at med mangoane lett synleg:)
Eg syns Bendit mangodelaren var heilt grei å bruke. Det forenkla oppskjeringa av mango litt, men ikkje so veldig sidan eg har ein grei teknikk. Det blir ein ekstra ting å vaske opp også, men om ein vaskar den med ein gong er det fort gjort.
Må ta med eit bilde av Hollya mi også:

28. januar, 2010
“Jentekveld” var namnet på informasjonskvelden om kvardagsøkonomi og sparing som var holdt av han eine i Luksusfellen og Sparebank 1.
Eg for dit saman med Sara (medan samboaren våre spelte X-box og åt pizza). Vi kosa oss med tapas etter “foredaget”. Det var tapas og fruktdessert til alle saman:) Det var godt! Einaste frukta eg hadde lyst på var melon og annanas, men melonen smakte gamal og råten ut, so det var litt kjipt:/
Eg kan ikkje sei eg lærte so mykje nytt denne kvelden, einaste var litt om pensjon. Det kjekkaste med kvelden var mat og godt selskap ein torsdagkveld:)
Ukategorisert
28. januar, 2010


Kva med å gjere det litt utenom det vanlege og male taket istaden for veggen?
Det er vel ei mulegheit for at eg hadde blitt lei fargen og den ikkje hadde passa med resten av fargevalget på interiøret etterkvart, men det var da litt stilig og gir farge i tilværelse:)
Bildane er henta frå ei artikkel hos skonahem.com
28. januar, 2010

Foto: glasoginterior.com
Retro brødboks frå So:easy. Fåast også i svart og kan kjøpast her.

Foto: glassoginterior.no
Herstal brødboks. Kan kjøpast her.
For tida oppbevare eg brød i skapet, men kanskje eg skulle hatt det i ei brødboks istaden? Har ikkje nok benkplass til at den skal stå framme, men brød held seg vel bedre i ei brødboks?…
Oppbevarar du brødet i brødboks?
28. januar, 2010
Mange fine fargekompinasjonar. Lesarbilder hos skonahem.com:
1.

Foto: skonahem.com (lesarbilde)
Liker veldig godt dei små hyllane på veggen og vasane m/plante i vindaugskarmen:) Eg syns kvit, grønt og grått er ein finfin kombinasjon. Eg kunne nesten ha flytta rett inn her, my kind of style:)
2.

Foto: skonahem.com (lesarbilde)
Sjekk ut resten av bildane av heimen på bildet rett over. Må sei eg likte utruleg godt hus-innredninga:) Eg har forresten dissa bakerste putane:) Veldig fine:)
3.

Foto: skonahem.com (lesarbilde)
Dinne fargesamensettinga var også fin:) Dette stovebordet har eg sett meg ut, må vel snart finne ut kor ein får kjøpt det. Vil tru samboaren min ikkje vil gå med å å kjøpe eit slikt bord sidan han likar at alt skal vere so vanleg og ikkje ha noko designstil over seg. Det kan vere litt negativt med den plata under sidan det blir sikkert ein del hundehår liggande under/rundt/over, hehe.
Fleire bilder frå dinne heimen kan sjåast her
27. januar, 2010
Fann ei fin side med masse inspirasjonsbilder: skonahem.no
1.

Foto: skonahem.com (lesarbilde)
Lesaren skriv at ho likar svart og kvitt, sterke kontraster og vere personleg med gjerne med litt retroinspirerte mønster. Dette er heilt etter min smak:) Fann dessverre ikkje link til nokon blogg:/
2.

Like godt det lyse og dei enkle fargetonane her:) Det var da litt kult med handtrykk på lerrett:) Eg har lyst på sånne nattbord, men sidan vi kjøpte oss nattbord i mai, blir det ikkje med det første:/ Det er litt dumt sidan disse ville ha passa godt inn på soverommet vårt:)
Eg fortsette å drømme om kvite veggar, hehe. Kanskje eg må berre kjøpe noko nytt å innrede soverommet med: bilde, nye lampar og pynteputer (skal sy sjølv). Alt dette i fine sterke fargar? Hmm, kan bli bra d, kanskje…
27. januar, 2010
Her er kjøkkenet i leiligheita vi leiar:




Det er eit heilt greit kjøkken, stilen kan vel kallast litt moderne klassisk? Eg likar best minimalistisk stil, men eg har det fint med dette kjøkkenet.
Det skulle ha vore ei benkeplate til bortanfor ovnen. Litt upraktisk slik det er no, men det fungerar. Det er litt for lite skapplass, men vi overleve. Eg har dessverre ikkje plass til kjøkkenmaskin:/ so eg har noko å glede meg til! Vi hadde fått plass til nokre hylle, skap på kjøkkenet om vi ville, men eg har ikkje lyst å bruke på pengar på noko vi ikkje har bruk for seinare. Vi har ei stor altmulegbod der vi har ting vi ikkje brukar ofte, men den er ganske full. (Der er utallige tome kasser som er lagra til neste gong vi skal flytte).
Eg har lenge hatt lyst å kjøpe ei spisegruppe (bord og 6-8 stolar), men det får vente til vi får oss eit eige hus. Kjøkkenbordet og stolane vi har låner vi av huseigaren vår. Planen var å kjøpe vort eige spisebord eller kjøkkenbord, men det blir for dyrt å kjøpe for å berre vere i bruk i eit par år. Det blir dumt om det ikkje passar neste plassen vi skal bo.